고린도후서 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도후서 (2 Corinthians) · 18절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Men som medarbeidarar legg me dykk og på hjarta, at de ikkje til unyttes må taka imot Guds nåde. | We then, as workers together with him, beseech you also that ye receive not the grace of God in vain. |
| 2 | For han segjer: «I den tid som meg tektest, bønhøyrde eg deg, og på frelse-dagen hjelpte eg deg.» Sjå, no er det tid som tekkjest vel, sjå, no er det frelse-dagen! | (For he saith, I have heard thee in a time accepted, and in the day of salvation have I succoured thee: behold, now is the accepted time; behold, now is the day of salvation.) |
| 3 | Og me gjev ikkje meinstøyt i nokon ting, so ikkje tenesta skal verta lasta, | Giving no offence in any thing, that the ministry be not blamed: |
| 4 | men i alt viser me oss som Guds tenarar: ved stort tolmod, i trengslor, i naud, i hugverk, | But in all things approving ourselves as the ministers of God, in much patience, in afflictions, in necessities, in distresses, |
| 5 | under slag, i fengsel, i upprør, i træling, i vaking, i fasta, | In stripes, in imprisonments, in tumults, in labours, in watchings, in fastings; |
| 6 | ved reinleik, ved skynsemd, ved langmod, ved godleik, ved den Heilage Ande, ved uskrymta kjærleik, | By pureness, by knowledge, by longsuffering, by kindness, by the Holy Ghost, by love unfeigned, |
| 7 | med sannings ord, med Guds kraft, med rettferds våpn på høgre og vinstre sida; | By the word of truth, by the power of God, by the armour of righteousness on the right hand and on the left, |
| 8 | i æra og vanæra, med lastord og lovord, som villførande og endå sannferdige, | By honour and dishonour, by evil report and good report: as deceivers, and yet true; |
| 9 | som ukjende og endå velkjende, som døyande, og sjå, me liver! som dei som vert refste, men ikkje ihelslegne, | As unknown, and yet well known; as dying, and, behold, we live; as chastened, and not killed; |
| 10 | som syrgjande, men alltid glade, som fatige, men som endå gjer mange rike, som inkje havande og endå eigande alt. | As sorrowful, yet alway rejoicing; as poor, yet making many rich; as having nothing, and yet possessing all things. |
| 11 | Vår munn er upplaten mot dykk, korintarar, vårt hjarta hev vidga seg ut. | O ye Corinthians, our mouth is open unto you, our heart is enlarged. |
| 12 | De hev ikkje trongt rom hjå oss, men det er trongt i dykkar hjarto. | Ye are not straitened in us, but ye are straitened in your own bowels. |
| 13 | Men til likt vederlag - eg talar som til born -: vidga de og ut dykkar hjarto! | Now for a recompence in the same, (I speak as unto my children,) be ye also enlarged. |
| 14 | Gakk ikkje i framandt ok med vantruande! For kva samlag hev rettferd med urett? eller kva samfund hev ljos med myrker? | Be ye not unequally yoked together with unbelievers: for what fellowship hath righteousness with unrighteousness? and what communion hath light with darkness? |
| 15 | Og kva samklang er det millom Kristus og Belial? eller kva lut hev ein truande med ein vantruande? | And what concord hath Christ with Belial? or what part hath he that believeth with an infidel? |
| 16 | Og kva semja hev Guds tempel med avgudar? For me er den livande Guds tempel, som Gud sagde: «Eg vil bu og ferdast millom deim, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.» | And what agreement hath the temple of God with idols? for ye are the temple of the living God; as God hath said, I will dwell in them, and walk in them; and I will be their God, and they shall be my people. |
| 17 | «Difor, gakk ut frå deim, og skil dykk frå deim, segjer Herren, og rør ikkje ved ureint, so skal eg taka imot dykk, | Wherefore come out from among them, and be ye separate, saith the Lord, and touch not the unclean thing; and I will receive you, |
| 18 | og eg skal vera dykk ein fader, og de skal vera meg søner og døtter, segjer Herren, den allmegtige.» | And will be a Father unto you, and ye shall be my sons and daughters, saith the Lord Almighty. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL