고린도전서 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 27절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Hev eg ikkje set Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren? | Am I not an apostle? am I not free? have I not seen Jesus Christ our Lord? are not ye my work in the Lord? |
| 2 | Er eg ikkje apostel for andre, so er eg det då for dykk; for de er innsiglet på mitt apostel-embætte i Herren. | If I be not an apostle unto others, yet doubtless I am to you: for the seal of mine apostleship are ye in the Lord. |
| 3 | Dette er mitt forsvar mot deim som dømer meg. | Mine answer to them that do examine me is this, |
| 4 | Hev me ikkje rett til å eta og drikka? | Have we not power to eat and to drink? |
| 5 | Hev me ikkje rett til å føra med oss ei syster som kona liksom og dei andre apostlar og Herrens brør og Kefas? | Have we not power to lead about a sister, a wife, as well as other apostles, and as the brethren of the Lord, and Cephas? |
| 6 | Eller er det berre eg og Barnabas som ikkje hev rett til å sleppa å arbeida? | Or I only and Barnabas, have not we power to forbear working? |
| 7 | Kven gjer vel nokon gong hertenesta på eigen kostnad? Kven plantar ein vinhage og et ikkje av frukti hans? Eller kven føder ei hjord og et ikkje av mjølki frå hjordi? | Who goeth a warfare any time at his own charges? who planteth a vineyard, and eateth not of the fruit thereof? or who feedeth a flock, and eateth not of the milk of the flock? |
| 8 | Talar eg dette berre etter menneskjevis, eller segjer ikkje lovi og dette? | Say I these things as a man? or saith not the law the same also? |
| 9 | For i Mose lov stend det skrive: «Du skal ikkje setja muleband på ein ukse når han treskjer.» Er det uksane Gud hev umsut for, | For it is written in the law of Moses, Thou shalt not muzzle the mouth of the ox that treadeth out the corn. Doth God take care for oxen? |
| 10 | eller segjer han det berre for vår skuld? For det er for vår skuld det er skrive, at den som pløgjer, skal pløgja med von, og den som treskjer, skal gjera det med von um å få sin lut. | Or saith he it altogether for our sakes? For our sakes, no doubt, this is written: that he that ploweth should plow in hope; and that he that thresheth in hope should be partaker of his hope. |
| 11 | Hev me sått for dykk dei åndelege ting, er det då noko stort um me haustar dykkar timelege ting? | If we have sown unto you spiritual things, is it a great thing if we shall reap your carnal things? |
| 12 | Hev andre rett yver dykk, skulde då ikkje me mykje meir hava det? Men me hev ikkje bruka denne retten, me toler alt, so me ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium. | If others be partakers of this power over you, are not we rather? Nevertheless we have not used this power; but suffer all things, lest we should hinder the gospel of Christ. |
| 13 | Veit de ikkje, at dei som gjer tenesta med det heilage, fær føda av heilagdomen? dei som gjer tenesta ved altaret, fær lut med altaret? | Do ye not know that they which minister about holy things live of the things of the temple? and they which wait at the altar are partakers with the altar? |
| 14 | Soleis hev og Herren skipa det so for deim som forkynner evangeliet, at dei skal liva av evangeliet. | Even so hath the Lord ordained that they which preach the gospel should live of the gospel. |
| 15 | Men eg hev ikkje gjort bruk av noko av dette. Eg skriv ikkje dette difor, at det skal verta so med meg; for det var betre for meg å døy, enn at nokon skulde gjera mi ros til inkjes. | But I have used none of these things: neither have I written these things, that it should be so done unto me: for it were better for me to die, than that any man should make my glorying void. |
| 16 | For um eg forkynner evangeliet, so er det ikkje noko å rosa meg av, for det ligg naudsynt på meg; ja, usæl eg, um eg ikkje forkynner evangeliet! | For though I preach the gospel, I have nothing to glory of: for necessity is laid upon me; yea, woe is unto me, if I preach not the gospel! |
| 17 | For um eg gjer dette godviljugt, hev eg løn; men gjer eg det uviljugt, so er det då eit hushald som er meg yverlate. | For if I do this thing willingly, I have a reward: but if against my will, a dispensation of the gospel is committed unto me. |
| 18 | Kva er då mi løn? At eg, når eg forkynner evangeliet, gjer det for inkje, so eg ikkje brukar min rett i evangeliet. | What is my reward then? Verily that, when I preach the gospel, I may make the gospel of Christ without charge, that I abuse not my power in the gospel. |
| 19 | For endå eg er fri for alle, hev eg då gjort meg sjølv til tenar for alle, so eg kann vinna dei fleste. | For though I be free from all men, yet have I made myself servant unto all, that I might gain the more. |
| 20 | Og eg hev vorte som ein jøde for jødarne, so eg kann vinna jødar; for deim under lovi, som eg var under lovi - endå eg ikkje er under lovi - so eg kann vinna deim som er under lovi; | And unto the Jews I became as a Jew, that I might gain the Jews; to them that are under the law, as under the law, that I might gain them that are under the law; |
| 21 | for deim som er utan lov, som om eg var utan lov - endå eg ikkje er lovlaus for Gud, men lovbunden for Kristus - so eg kann vinna dei som er utan lov. | To them that are without law, as without law, (being not without law to God, but under the law to Christ,) that I might gain them that are without law. |
| 22 | For dei veike hev eg vorte veik, so eg kann vinna dei veike; for dei alle hev eg vorte alt, for at eg i alle høve skal kunna frelsa nokre. | To the weak became I as weak, that I might gain the weak: I am made all things to all men, that I might by all means save some. |
| 23 | Men alt gjer eg for evangeliet skuld, for at eg skal få lut i det. | And this I do for the gospel’s sake, that I might be partaker thereof with you. |
| 24 | Veit de ikkje, at dei som kapprenner på skeidvollen, dei renner vel alle, men ein tek sigersprisen? Renn då soleis, so de kann få honom! | Know ye not that they which run in a race run all, but one receiveth the prize? So run, that ye may obtain. |
| 25 | Kvar den som er med i tevling, er fråhaldande i alt, hine so dei kann få ein forgjengeleg krans, men me ein uforgjengeleg. | And every man that striveth for the mastery is temperate in all things. Now they do it to obtain a corruptible crown; but we an incorruptible. |
| 26 | So renner eg då soleis, ikkje som på det uvisse; eg fiktar ikkje som den som slær ut i veret. | I therefore so run, not as uncertainly; so fight I, not as one that beateth the air: |
| 27 | Men eg tvingar min likam og trælkar honom, so ikkje eg som preikar for andre, skal sjølv verta funnen uverdig. | But I keep under my body, and bring it into subjection: lest that by any means, when I have preached to others, I myself should be a castaway. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL