고린도전서 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 20절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Vågar nokon av dykk, når han hev sak mot ein annan, å søkja dom hjå dei urettferdige og ikkje hjå dei heilage? | Dare any of you, having a matter against another, go to law before the unjust, and not before the saints? |
| 2 | Eller veit de ikkje, at dei heilage skal døma verdi? Og dersom verdi vert dømd av dykk, er de då uverdige til å døma i dei minste saker? | Do ye not know that the saints shall judge the world? and if the world shall be judged by you, are ye unworthy to judge the smallest matters? |
| 3 | Veit de ikkje, at me skal døma englar, og då vel mykje meir i timelege ting? | Know ye not that we shall judge angels? how much more things that pertain to this life? |
| 4 | Når de då hev saker um timelege ting, so set de deim til domarar som er vanvyrde i kyrkjelyden! | If then ye have judgments of things pertaining to this life, set them to judge who are least esteemed in the church. |
| 5 | Til skam for dykk segjer eg dette. So finst der då ingen vis mann hjå dykk, ikkje ein einaste som kann skilja trætta for bror sin? | I speak to your shame. Is it so, that there is not a wise man among you? no, not one that shall be able to judge between his brethren? |
| 6 | Men bror fører sak mot bror, og det endå for vantruande domarar. | But brother goeth to law with brother, and that before the unbelievers. |
| 7 | Det er no i det heile eit tap for dykk at de hev sak med kvarandre. Kvi lid de ikkje heller urett? Kvi toler de ikkje heller uskil? | Now therefore there is utterly a fault among you, because ye go to law one with another. Why do ye not rather take wrong? why do ye not rather suffer yourselves to be defrauded? |
| 8 | Men de gjer urett og uskil, og det endå mot brør! | Nay, ye do wrong, and defraud, and that your brethren. |
| 9 | Eller veit de ikkje, at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Lat dykk ikkje dåra! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller blautfengne eller slike som syndar mot naturi, | Know ye not that the unrighteous shall not inherit the kingdom of God? Be not deceived: neither fornicators, nor idolaters, nor adulterers, nor effeminate, nor abusers of themselves with mankind, |
| 10 | eller tjuvar eller giruge eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike. | Nor thieves, nor covetous, nor drunkards, nor revilers, nor extortioners, shall inherit the kingdom of God. |
| 11 | Og slike var sume av dykk; men de er avtvegne, men de er helga, de er rettferdiggjorde ved Herren Jesu namn og i vår Guds Ande. | And such were some of you: but ye are washed, but ye are sanctified, but ye are justified in the name of the Lord Jesus, and by the Spirit of our God. |
| 12 | Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar; alt hev eg lov til, men eg skal ikkje lata noko få vald yver meg. | All things are lawful unto me, but all things are not expedient: all things are lawful for me, but I will not be brought under the power of any. |
| 13 | Maten er for magen, og magen for maten; og Gud skal gjera ende både på den eine og den andre. Men likamen er ikkje for hor, men for Herren, og Herren for likamen. | Meats for the belly, and the belly for meats: but God shall destroy both it and them. Now the body is not for fornication, but for the Lord; and the Lord for the body. |
| 14 | Og Gud vekte upp Herren og skal og vekkja oss upp ved si kraft. | And God hath both raised up the Lord, and will also raise up us by his own power. |
| 15 | Veit de ikkje, at dykkar likamar er Kristi lemer? Skal eg då taka Kristi lemer og gjera deim til lemer åt ei skjøkja? Langt ifrå! | Know ye not that your bodies are the members of Christ? shall I then take the members of Christ, and make them the members of an harlot? God forbid. |
| 16 | Eller veit de ikkje, at den som held seg til skjøkja, er ein likam med henne? For det er sagt: «Dei tvo skal vera eitt kjøt.» | What? know ye not that he which is joined to an harlot is one body? for two, saith he, shall be one flesh. |
| 17 | Men den som held seg til Herren, er ein ande med honom. | But he that is joined unto the Lord is one spirit. |
| 18 | Fly hor! All synd som eit menneskje kann gjera, er utanfor likamen; men den som gjer hor, syndar imot sin eigen likam. | Flee fornication. Every sin that a man doeth is without the body; but he that committeth fornication sinneth against his own body. |
| 19 | Eller veit de ikkje, at likamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne? | What? know ye not that your body is the temple of the Holy Ghost which is in you, which ye have of God, and ye are not your own? |
| 20 | For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar likam! | For ye are bought with a price: therefore glorify God in your body, and in your spirit, which are God’s. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL