고린도전서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 23절
- 1 Og eg, brør, kunde ikkje tala til dykk som til åndelege, men berre som til kjøtlege, som til nyfødingar i Kristus.
- 2 Eg gav dykk mjølk å drikka og ikkje fast føda; for de tolde det ikkje endå. Ja, de toler det ikkje enno,
- 3 for de er enno kjøtlege; for når det er ovund og trætta millom dykk, er de då ikkje kjøtlege og ferdast på menneskjevis?
- 4 For når ein segjer: «Eg held meg til Paulus,» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då menneskje?
- 5 Kva er då Apollos, og kva er Paulus? Tenarar som de kom til trui ved, og det etter som Herren gav kvar for seg.
- 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
- 7 So er no korkje den noko som planter, eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.
- 8 Den som plantar, og den som vatnar, er eitt, men kvar skal få si eigi løn etter sitt eige arbeid.
- 9 For me er Guds medarbeidarar, de er Guds åkerland, Guds bygnad.
- 10 Etter den Guds nåde som er meg gjeven, hev eg lagt grunnvoll som ein vis byggmeister, men ein annan byggjer uppå; men kvar sjå til, korleis han byggjer uppå!
- 11 For annan grunnvoll kann ingen leggja enn den som er lagd, det er Jesus Kristus.
- 12 Men um nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sylv, dyre steinar, tre, høy, strå,
- 13 då skal kvar manns verk verta synbert; for dagen skal syna det, for han vert openberra med eld; og korleis kvar manns verk er, det skal elden prøva.
- 14 Um nokon manns verk som han bygde, stend seg, so skal han få løn;
- 15 um nokon manns verk brenn upp, so skal han missa henne; sjølv skal han då verta frelst, men so som gjenom eld.
- 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og Guds Ande bur i dykk?
- 17 Tyner nokon Guds tempel, honom skal Gud tyna; for heilagt er Guds tempeler, og det er de.
- 18 Ingen dåre seg sjølv! Um nokon millom dykk tykkjest vera vis i denne verdi, lat honom verta ei dåre, so han kann verta vis!
- 19 For visdomen som høyrer denne verdi til, er dårskap for Gud. For det stend skrive: «Han fangar dei vise i deira sløgd,»
- 20 og atter: «Herren kjenner tankarne hjå dei vise, at dei er fåfengde.»
- 21 Difor skal ingen rosa seg av menneskje; for alt høyrer dykk til,
- 22 anten det er Paulus eller Apollos eller Kefas, anten det er verdi eller liv eller daude, anten det er det som no er, eller det som koma skal: alt høyrer dykk til;
- 23 men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗