고린도전서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도전서 (1 Corinthians) · 23절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Og eg, brør, kunde ikkje tala til dykk som til åndelege, men berre som til kjøtlege, som til nyfødingar i Kristus. | And I, brethren, could not speak unto you as unto spiritual, but as unto carnal, even as unto babes in Christ. |
| 2 | Eg gav dykk mjølk å drikka og ikkje fast føda; for de tolde det ikkje endå. Ja, de toler det ikkje enno, | I have fed you with milk, and not with meat: for hitherto ye were not able to bear it, neither yet now are ye able. |
| 3 | for de er enno kjøtlege; for når det er ovund og trætta millom dykk, er de då ikkje kjøtlege og ferdast på menneskjevis? | For ye are yet carnal: for whereas there is among you envying, and strife, and divisions, are ye not carnal, and walk as men? |
| 4 | For når ein segjer: «Eg held meg til Paulus,» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då menneskje? | For while one saith, I am of Paul; and another, I am of Apollos; are ye not carnal? |
| 5 | Kva er då Apollos, og kva er Paulus? Tenarar som de kom til trui ved, og det etter som Herren gav kvar for seg. | Who then is Paul, and who is Apollos, but ministers by whom ye believed, even as the Lord gave to every man? |
| 6 | Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. | I have planted, Apollos watered; but God gave the increase. |
| 7 | So er no korkje den noko som planter, eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. | So then neither is he that planteth any thing, neither he that watereth; but God that giveth the increase. |
| 8 | Den som plantar, og den som vatnar, er eitt, men kvar skal få si eigi løn etter sitt eige arbeid. | Now he that planteth and he that watereth are one: and every man shall receive his own reward according to his own labour. |
| 9 | For me er Guds medarbeidarar, de er Guds åkerland, Guds bygnad. | For we are labourers together with God: ye are God’s husbandry, ye are God’s building. |
| 10 | Etter den Guds nåde som er meg gjeven, hev eg lagt grunnvoll som ein vis byggmeister, men ein annan byggjer uppå; men kvar sjå til, korleis han byggjer uppå! | According to the grace of God which is given unto me, as a wise masterbuilder, I have laid the foundation, and another buildeth thereon. But let every man take heed how he buildeth thereupon. |
| 11 | For annan grunnvoll kann ingen leggja enn den som er lagd, det er Jesus Kristus. | For other foundation can no man lay than that is laid, which is Jesus Christ. |
| 12 | Men um nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sylv, dyre steinar, tre, høy, strå, | Now if any man build upon this foundation gold, silver, precious stones, wood, hay, stubble; |
| 13 | då skal kvar manns verk verta synbert; for dagen skal syna det, for han vert openberra med eld; og korleis kvar manns verk er, det skal elden prøva. | Every man’s work shall be made manifest: for the day shall declare it, because it shall be revealed by fire; and the fire shall try every man’s work of what sort it is. |
| 14 | Um nokon manns verk som han bygde, stend seg, so skal han få løn; | If any man’s work abide which he hath built thereupon, he shall receive a reward. |
| 15 | um nokon manns verk brenn upp, so skal han missa henne; sjølv skal han då verta frelst, men so som gjenom eld. | If any man’s work shall be burned, he shall suffer loss: but he himself shall be saved; yet so as by fire. |
| 16 | Veit de ikkje at de er Guds tempel, og Guds Ande bur i dykk? | Know ye not that ye are the temple of God, and that the Spirit of God dwelleth in you? |
| 17 | Tyner nokon Guds tempel, honom skal Gud tyna; for heilagt er Guds tempeler, og det er de. | If any man defile the temple of God, him shall God destroy; for the temple of God is holy, which temple ye are. |
| 18 | Ingen dåre seg sjølv! Um nokon millom dykk tykkjest vera vis i denne verdi, lat honom verta ei dåre, so han kann verta vis! | Let no man deceive himself. If any man among you seemeth to be wise in this world, let him become a fool, that he may be wise. |
| 19 | For visdomen som høyrer denne verdi til, er dårskap for Gud. For det stend skrive: «Han fangar dei vise i deira sløgd,» | For the wisdom of this world is foolishness with God. For it is written, He taketh the wise in their own craftiness. |
| 20 | og atter: «Herren kjenner tankarne hjå dei vise, at dei er fåfengde.» | And again, The Lord knoweth the thoughts of the wise, that they are vain. |
| 21 | Difor skal ingen rosa seg av menneskje; for alt høyrer dykk til, | Therefore let no man glory in men. For all things are yours; |
| 22 | anten det er Paulus eller Apollos eller Kefas, anten det er verdi eller liv eller daude, anten det er det som no er, eller det som koma skal: alt høyrer dykk til; | Whether Paul, or Apollos, or Cephas, or the world, or life, or death, or things present, or things to come; all are yours; |
| 23 | men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til. | And ye are Christ’s; and Christ is God’s. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL