히브리서 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 히브리서 (Hebrews) · 14절
- 1 For kvar øvsteprest vert teken bland menneskje og vert innsett for menneskje til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slagtoffer for synder,
- 2 som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han og sjølv ligg under vesaldom,
- 3 og for den skuld lyt han bera fram syndoffer, liksom for folket, so og for seg sjølv.
- 4 Og ingen tek seg sjølv den æra til, men den som vert kalla av Gud liksom Aron.
- 5 So hev ikkje Kristus heller tillagt seg den æra å verta øvsteprest, men han som sagde til honom: «Du er min son, eg hev født deg i dag.»
- 6 Liksom han og segjer ein annan stad: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»
- 7 Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til honom som kunde frelsa honom frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,
- 8 og soleis lærde han, endå han var son, lydnad av det han leid;
- 9 og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle deim som lyder honom,
- 10 med di Gud kalla honom øvsteprest etter Melkisedeks vis.
- 11 Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, då de hev vorte seinføre til å høyra.
- 12 For de som etter tidi skulde vore lærarar, de treng atter til at ein lærer dykk dei fyrste grunnar i Guds ord; og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.
- 13 For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.
- 14 Men fast føda er for vaksne, for deim som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗