히브리서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 히브리서 (Hebrews) · 19절
- 1 Difor, heilage brør, som er luthavande i eit himmelsk kall! sjå på den apostel og øvsteprest som me kjennest ved, Jesus,
- 2 han som var tru mot den som gjorde honom dertil, liksom og Moses var i heile hans hus!
- 3 For denne er halden so mykje større æra verd enn Moses, som den som hev bygt huset, hev større æra enn huset sjølv.
- 4 Kvart hus er det einkvan som byggjer, men den som hev bygt alt, det er Gud.
- 5 Og Moses var vel tru i heile hans hus som ein tenar til å vitna um det som skulde verta tala,
- 6 men Kristus stend som son yver huset hans; og hans hus er me, so framt me held vårt frimod og den voni me rosar oss av, fast alt til enden.
- 7 Difor, som den Heilage Ande segjer: «I dag, um de høyrer hans røyst,
- 8 so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden på freistingsdagen i øydemarki,
- 9 der federne dykkar freista meg; dei prøvde meg, endå dei såg mine gjerningar i fyrti år.
- 10 Difor harmast eg på denne ætti og sagde: «Dei fer alltid vilt i hjarta;» men dei kjende ikkje mine vegar,
- 11 so eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila!»»
- 12 Sjå til, brør, at det ikkje i nokon av dykk skal vera eit vondt, vantruande hjarta, so han fell frå den livande Gud!
- 13 Men påminn kvarandre kvar dag, so lenge som det heiter: «i dag», so ikkje nokon av dykk skal verta forherd ved dåring av syndi!
- 14 For me hev fenge lut med Kristus, so framt me held vår fyrste fulle vissa fast til enden.
- 15 Når det vert sagt: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden,»
- 16 kven var då dei som høyrde og arga honom? Var det ikkje alle dei som gjekk ut or Egyptarland ved Moses?
- 17 Men kven var det han harmast på i fyrti år? var det ikkje på deim som hadde synda, so deira kroppar fall i øydemarki?
- 18 Og kven var det han svor um, at dei ikkje skulde koma inn til hans kvila, utan um deim som var vantruande?
- 19 So ser me då at dei ikkje kunde koma inn for vantru skuld.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗