호세아 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 호세아 (Hosea) · 17절
- 1 Gled deg ikkje, Israel, med fagnad liksom folki, av di du hev drive på med hor og dermed kome burt ifrå din Gud, du som hev havt din hugnad i skjøkjeløn på alle korn-treskjarstader.
- 2 Treskjestaden og vinpersa skal ikkje kunna næra deim, og druvesafti skal mislukkast for deim.
- 3 Ikkje skal dei få bu i Herrens land. Men Efraim skal attende til Egyptarland, og i Assur skal dei eta det som ureint er.
- 4 Dei skal ikkje renna ut vin til drykkoffer for Herren, og ikkje skal slagtofferi deira vera hugsame for honom; som syrgjebrød for deim. Alle som et av det, skal verta ureine. For brødet sitt hev dei berre for seg sjølve, det kjem ikkje i Herrens hus.
- 5 Kva skal de so gjera på helgedagen, på Herrens høgtidsdag?
- 6 For de skal vita at um dei slepp undan avøydingi, so vert det Egyptarlandet som samlar deim, Mof som fær å jorda deim. Sylvet deira, det dyre, skal netlor eiga, tistel veksa i tjeldbuderne deira.
- 7 Dei kjem, heimsøkjingsdagarne, dei kjem, attergjeldsdagarne. Det fær nok Israel vita. Ein dåre er profeten, vitlaus er åndsmannen, for di store misgjerning skuld, og for din sterke fiendskap.
- 8 Ein lurar er Efraim imot min Gud. Profeten - fuglefangarsnara på alle hans vegar, fiendskap i gudshuset hans!
- 9 Djupt i used hev dei sokke som i Gibea-dagarne. Men han hugsar misgjerningi deira, han heimsøkjer deira synder.
- 10 Liksom druvor i villmarki fann eg Israel. Som frumsefrukt på fiketre i den fyrste bering såg eg federne dykkar. Men dei kom til Ba’al-Peor, og vigde seg til skjemdarguden, og dei vart til styggedom liksom han som dei elska.
- 11 Efraim - som ein fugl skal herlegdomen hans fljuga burt. Ingen skal få born meir, ingen vera med barn, og ingen verta umhender.
- 12 For um dei el upp borni sine, so gjer eg deim barnlause, so det ikkje finst menneskje att. Ja, usæle er og dei sjølve når eg gjeng ifrå deim!
- 13 Efraim, som eg ser honom alt burt til Tyrus, er planta på ein eng. Men Efraim skal verta nøydd til å føra borni sine ut til rettarmannen.
- 14 Gjev deim, Herre! Kva skal du gjeva deim? Gjev deim moderfang som føder i utid, og brjost som turkast upp.
- 15 All deira vondskap er samla i Gilgal. Ja, der fekk eg hat til deim. For deira vonde åtferd skuld vil eg driva deim ut or mitt hus. Ikkje skal eg elska deim lenger. Alle deira førarar er upprørarar.
- 16 Stungen er Efraim, roti deira turka, frukt skal dei ikkje bera. Og um dei fær born, drep eg den dyre livsfrukti deira.
- 17 Min Gud skal støyta deim burt; for ikkje lydde deim på honom, og dei skal flakka heimlause ikring millom folki.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗