로그인

호세아 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 호세아 (Hosea) · 5절

  1. 1 Og Herren sagde til meg: «Gakk ein gong til stad og elska ei kvinna som hev ein elskar og er ei lauslyndt kvinna, liksom Herren elskar Israels-borni, endå dei vender seg til andre gudar og elskar druvekakor!»
  2. 2 Og eg kjøpte meg ei slik kvinna og gav for henne femtan sylvdalar og tri tunnor bygg og attpå halvonnor tunna bygg.
  3. 3 So sagde eg til henne: «I mange dagar vert du no sitjande for meg og fær ikkje gjera hor eller hava med nokon annan mann å gjera. So skal eg og taka det sameleis med deg.»
  4. 4 For i mange dagar skal Israels-borni sitja utan konge og hovding, utan ofring og bilætsulor, utan messehakel og husgudar.
  5. 5 So skal Israels-borni venda um og søkja Herren, sin Gud, og David, kongen sin. Og bivrande skal dei koma til Herren og til hans velsigning i dei seinste dagar.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗