학개 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 학개 (Haggai) · 23절
- 1 Den ein og tjugande dagen i sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai:
- 2 Tala til Zerubbabel Sealtielsson, jarlen i Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson og til det som er att av folket.
- 3 Finst det endå nokon attlivande millom dykk som hev set dette huset i sin fyrre herlegdom? Kva tykkjer de um det no? Er det ikkje for augo dykkar som inkjevetta?
- 4 Men ver hugheil no, Zerubbabel! segjer Herren, ver hugheil, øvsteprest Josva Josadaksson! ver hugheilt, alt folket i landet! segjer Herren, og arbeid! For eg er med dykk, segjer Herren, allhers drott;
- 5 den avtalen eg gjorde med dykk ved utferdi frå Egyptarland, skal standa ved lag, og min ande skal bu millom dykk. Ver ikkje rædde!
- 6 For so segjer Herren, allhers drott: Enno ein gong um eit lite bil skal eg skaka himmel og jord og hav og land.
- 7 Eg skal skaka alle folki, so dei dyraste eignaluterne frå alle folki skal koma hit, og eg skal fylla dette huset med herlegdom, segjer Herren, allhers drott.
- 8 Sylvet er mitt, og gullet er mitt, segjer Herren, allhers drott.
- 9 Den komande herlegdom i dette siste huset skal verta større enn det fyrre, segjer Herren, allhers drott; og på denne staden vil eg gjeva fred, segjer Herren, allhers drott.
- 10 Den fire og tjugande dagen i niande månaden i andre styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord ved profeten Haggai.
- 11 So segjer Herren, allhers drott: Spør kva prestarne lærer um dette:
- 12 Um ein mann ber heilagt kjøt i klædesnippen og so med snippen kjem nær noko brød eller kokemat eller vin eller olje eller anna etande, vert då det heilagt? Prestane svara nei.
- 13 So spurde Haggai: «Men um ein hev vorte urein av eit lik og so kjem nær noko av alt dette, vert det då ureint?» Prestarne svara ja.
- 14 Då tok Haggai til ords og sagde: Soleis er det med denne lyden, og soleis er det med dette folket i mine augo, segjer Herren, og like eins med alt det deira hender gjer, og det dei ofrar der, det er ureint.
- 15 Gjev no gaum frå i dag og attende. Fyrr de tok til og lagde stein på stein i Herrens tempel,
- 16 når einkvan i den tid gjekk til ein korndunge på tjuge skjeppor, so fann han berre ti; når einkvan gjekk til ei vinpersa og vilde ausa upp femti mål, so fekk han ikkje meir enn tjuge.
- 17 Eg søkte dykk med sotbrand og rust og haglver yver alt dykkar arbeid, og endå vende de ikkje um til meg, segjer Herren.
- 18 Men gjev gaum no frå i dag og attende, frå fire og tjugande dagen i niande månaden alt til den dagen då Herrens tempel vart tufta. Gjev gaum!
- 19 Finst det enno att noko sæde i kornburet? Og korkje vintreet eller fiketreet eller granatapallen eller oljetreet hev bore noko! Frå i dag skal eg velsigna.
- 20 Andre gongen kom Herrens ord til Haggai den fire og tjugande dagen i månaden:
- 21 Seg til Zerubbabel, jarlen yver Juda: Eg skal skaka himmel og jord;
- 22 eg skal velta i koll kongsstolarne og tyna veldet åt dei heidne kongeriki; eg skal velta stridsvognerne og deim som stend på deim, og hestarne skal stupa og ridarene med, den eine for sverdet åt hin.
- 23 Den dagen, segjer Herren, allhers drott, tek eg deg, Zerubbabel Sealtielsson, du min tenar, og gjer deg til ein seglring; for deg hev eg valt ut, segjer Herren, allhers drott.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗