출애굽기 26장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 출애굽기 (Exodus) · 37절
- 1 Huset skal du gjera av ti åklædevever av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, og i deim skal du veva inn fagre englebilæte.
- 2 Kvar vev skal vera åtte og tjuge alner lang og fire alner breid: alle veverne skal halda same målet.
- 3 Fem av veverne skal skøytast i hop til eitt tæpe, og sameleis dei hine fem veverne.
- 4 I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine tæpet, skal du gjera lykkjor av purpurgarn, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre tæpet.
- 5 Femti lykkjor skal du gjera på den fyrste veven, og femti lykkjor i jaren på den som høyrer til det andre tæpet; lykkjorne skal svara mot kvarandre.
- 6 Og femti gullkrokar skal du gjera og hekta åklædetæpi i hop, so det vert eit hus av deim.
- 7 So skal du veva ryor av geiteragg til tekkja yver huset; elleve ryor skal du veva.
- 8 Kvar vev skal vera tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve veverne skal halda same målet.
- 9 Fem av ryeveverne skal du skøyta i hop til eit tæpe for seg, og dei hine seks til eit anna tæpe, og den sette veven skal du bretta i hop på framsida av taket.
- 10 I jaren på den fyrste veven, den som er ytst i det eine tæpet, skal du gjera femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor.
- 11 Og femti koparkrokar skal du gjera, og hekta deim i lykkjorne, og soleis festa raggetæpi i hop, so det vert eitt tak av deim.
- 12 Vil du vita kva du skal gjera med det som gjeng av på raggetæpi, so skal helvti av den veven som gjeng av, hanga ned på baksida av huset,
- 13 og den eine alni på kvar led som raggetæpi er for lange, skal hengjast ned etter båe sideveggjerne, til livd for huset.
- 14 Yver raggetæpi skal du gjera eit tak av raudlita verskinn, og ovanpå det att eit tak av markuskinn.
- 15 Veggjerne i huset skal du gjera av akazieplankar. Plankarne skal reisast på ende;
- 16 dei skal vera ti alner lange og halvonnor aln breide,
- 17 og på kvar av deim skal det vera tvo tappar med ei tverlist imillom. So skal du gjera med alle plankarne i huset.
- 18 Tjuge av dei plankarne du gjer til huset, skal du reisa på solsida, mot sud.
- 19 Og fyrti sylvstabbar skal du gjera og setja under dei tjuge plankarne, tvo under kvar planke, til å festa båe tapparne i.
- 20 På den andre sida av huset, på nordsida, skal det og vera tjuge plankar,
- 21 med sine fyrti sylvstabbar, tvo under kvar planke.
- 22 Til baksida av huset, mot vest, skal du gjera seks plankar,
- 23 og til hyrno på den same sida tvo plankar;
- 24 dei skal vera tviluta alt nedantil, og båe luterne skal halda fullt mål heilt upp åt taket, til den fyrste ringen; so skal dei vera laga båe tvo; dei skal standa i kvar sitt hyrna.
- 25 Soleis vert det på baksida åtte plankar med sylvstabbarne sine, tvo under kvar planke.
- 26 So skal du gjera tverstokkar av akazietre, fem til den eine langveggen på huset,
- 27 og fem til den andre langveggen, og fem til tverveggen på baksida av huset, mot vest.
- 28 Midtstokken, den som er midt på plankeveggen, skal ganga langs etter heile veggen, frå ende til ende.
- 29 Plankarne skal du klæda med gull, og ringarne på deim som tverstokkarne ligg i, skal du gjera heiltupp av gull; tverrstokkarne skal du og gullklæda.
- 30 Du lyt setja upp huset på rette gjerdi, soleis som det vart synt deg på fjellet.
- 31 So skal du gjera eit forheng av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn; væne englebilæte skal vera innvovne i det.
- 32 Du skal festa det til fire gullklædde akaziestolpar, som det er gullhakar på, og som stend på fire sylvstabbar,
- 33 og so skal du hengja det upp etter krokarne. Innanfor forhenget skal du setja lovtavlekista; og forhenget skal for dykk vera skilnaden millom det heilage og det heilagste romet.
- 34 So skal du leggja loket på lovtavlekista, der ho stend i det heilagste romet.
- 35 Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken midt imot bordet, innmed den søre veggen i huset; for bordet skal du setja innåt nordveggen.
- 36 Til døri på tjeldet skal du gjera eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det skal vera utsauma med rosor.
- 37 Du skal gjera fem akaziestolpar til det, og deim skal du gullklæda; dei skal hava hakar av gull, og du skal støypa fem koparstabbar til deim.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗