출애굽기 23장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 출애굽기 (Exodus) · 33절
- 1 Far ikkje med ljugardrøs! Slå ikkje lag med den som hev ei rang sak, so du vitnar med honom og hjelper uretten.
- 2 Fylg ikkje flokken i det som vondt er! Tala ikkje soleis på tinget at du hallar etter hopen og rengjer retten!
- 3 Um det so er ein arming, so skal du ’kje snilda på saki hans.
- 4 Når du finn ein ukse eller eit asen som hev vildra seg burt, og som uvenen din eig, so skal du hava deim attende til honom!
- 5 Når du ser at asnet åt uvenen din hev sige under kløvi, so må du ’kje tenkja på å ganga ifrå honom; du lyt hjelpa honom å løysa kløvi!
- 6 Reng ikkje retten for fatigfolk på tinget!
- 7 Haldt deg burte frå alle lygnarsaker, so du ikkje vert skuld i at ein saklaus og rettferdig mann let livet! For den som er skuldig, dømer ikkje eg fri.
- 8 Tak ikkje mutor! For mutorne synskverver deim som ser klårt, og rengjer saki for dei som hev rett.
- 9 Far ikkje hardt med dei framande! For de veit korleis det er å kjenna seg framand; de var sjølve framande i Egyptarlandet.
- 10 Seks år skal du så til jordi di, og hausta det ho ber;
- 11 men det sjuande skal du lata henne liggja og kvila, so dei fatige i landet kann finna noko å liva av, og det som dei leiver, må villdyri eta; sameleis skal du gjera med vingarden din og oljetrei.
- 12 Seks dagar lyt du gjera arbeidet ditt; men den sjuande dagen skal du halda heilag, so uksen din og asnet ditt kann hava ro, og tenaren din og den framande mannen fær kvila seg.
- 13 Alt det eg hev sagt ifrå um, lyt de vara dykk for! Nokon annan gud må de ikkje nemna! Slikt må du aldri taka på tunga!
- 14 Tri gonger um året skal du halda høgtid for meg.
- 15 Fyrst er det søtebrødhelgi; då skal du i sju dagar eta søtt brød, soleis som eg hev sagt deg, på den tid eg hev sett, i aksmånaden; for då tok du ut frå Egyptarland. Og ingen må visa seg tomhendt for augo mine.
- 16 So er det skurdhelgi, når du skjer fyrstegrøda av det du sådde på åkeren, og so hausthelgi, når året er ute, og du samlar i hus det du hev avla på marki.
- 17 Tri vendor um året skal alle karmennerne dykkar møta for Drotten, for Herren.
- 18 Du skal ikkje bera fram blodet av offerdyri mine i hop med brød som er syrt, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje verta liggjande natti yver, til morgons.
- 19 Det aller fyrste av grøda på marki di skal du bera til huset åt Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda kidet i mjølka åt mor si.
- 20 Sjå no sender eg ein engel framfyre deg; han skal vara deg på vegen, og fylgja deg fram til den staden som eg hev etla deg.
- 21 Tak deg i vare for honom, og lyd etter ordi hans! Set dykk ikkje upp imot honom! For han vil ikkje tola broti dykkar; i honom er eg sjølv.
- 22 Men lyder du so sant etter ordi hans og gjer alt det eg segjer, so skal eg hata deim som hatar deg, og trengja deim som trengjer deg.
- 23 For min engel min skal ganga fyre deg, og fylgja deg fram til amoritarne og hetitarne og perizitarne og kananitarne og hevitarne og jebusitarne, og eg vil øyda deim ut.
- 24 Du skal ikkje tena og ikkje tilbeda gudarne deira! Du skal ikkje gjera som dei gjer, men du skal riva ned avgudarne og slå sund minnesteinarne deira.
- 25 De skal tena Herren, dykkar Gud! Då skal han signa både brødet og vatnet for deg, og sott og sykja skal eg venda frå deg.
- 26 Det skal ikkje finnast kvende i landet ditt som fer ille eller ikkje er barnkjømd. Du skal få liva alderen ut.
- 27 Fælska for meg skal eg senda fyre deg; alle dei folki du kjem til, skal eg forvilla; eg skal laga det so at alle fiendarne dine syner deg ryggen.
- 28 Ein kvefsesvarm vil eg senda fyre deg; den skal støkkja burt både hevitar og kananitar og hetitar.
- 29 Eg vil ikkje driva deim ut på eitt år; for då kunde landet øydast, og villdyri verta for mange for deg.
- 30 Smått um senn vil eg jaga deim ut for deg, til dess du veks til, og tek landet i eige.
- 31 Og riket ditt det skal rekka frå Sevsjøen til Filistarhavet, og frå Øydemarki+ til Storelvi.++ So gjev eg no i henderne dykkar deim som bur og byggjer i landet, og du skal driva dei ut.
- 32 Aldri må du gjera noko samband med deim eller gudarne deira.
- 33 Dei må ikkje bu i landet ditt; for då kunde dei lokka deg til å synda mot meg, og tenar du gudarne deira, so vert det deg til ei snara.»»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗