출애굽기 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 출애굽기 (Exodus) · 10절
- 1 Då sagde Herren til Moses: «Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og egyptarane, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut.
- 2 Seg no du med folket at kvar mann skal beda grannen sin, og kvar kona grannekona si, um sylv og gull!»
- 3 Og Herren gjorde det so at egyptarane fekk godvilje for Israels-folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptarlandet, både for kongsmennerne og for hitt folket.
- 4 Og Moses sagde: «So segjer Herren: «Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptarland.
- 5 Då skal det døy, alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt trælkjerringi, som sit og dreg handkverni, og alle frumsungarne i buskapen.
- 6 Og frå heile Egyptarland skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt illskrik anten fyrr eller sidan.
- 7 Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe. Då skal de verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.»
- 8 Og alle desse mennerne dine skal koma til meg, og kasta seg ned for meg og segja: «Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg!» Og so skal eg fara.» Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.
- 9 Då Herren sagde til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjort mange under i Egyptarlandet,»
- 10 so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren hadde lagt so strid ein hug i Farao, og han slepte ikkje Israels-folket or landet sitt.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗