창세기 36장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 43절
- 1 Dette er ætti hans Esau eller Edom:
- 2 Esau tok seg konor av Kana’ans-folket: Ada, dotter åt Elon, hetiten, og Åhålibama, dotter åt Ana, sonedotter åt Sibeon, heviten,
- 3 og Basmat, dotter åt Ismael, syster åt Nebajot.
- 4 Og Esau fekk med Ada sonen Elifaz, og med Basmat sonen Re’uel.
- 5 Og med Åhålibama fekk han sønerne Je’us og Jalam og Korah. Dette var sønerne hans Esau, som han fekk i Kana’ans-land.
- 6 Og Esau tok konorne sine og sønerne og døtterne sine og heile huslyden sin og buskapen sin og alle klyvdyri sine og alt godset sitt, som han hadde sanka i Kana’ans-land, og flutte burt frå Jakob, bror sin, og av til eit anna land.
- 7 For dei åtte so mykje fe, at dei kunde ikkje bu saman; landet som dei heldt til i, kunde ikkje føda deim, so stor var buskapen deira.
- 8 So sette Esau seg ned i Se’irfjelli; Esau, det er den same som Edom.
- 9 Og dette er ætti hans Esau, far åt Edom-folket i Se’irfjelli:
- 10 Dette er namni på sønerne hans Esau: Elifaz, son åt Ada, kona hans Esau, og Re’uel, son åt Basmat, kona hans Esau.
- 11 Og sønerne hans Elifaz var Teman og Omar og Sefo og Gatam og Kenaz.
- 12 Og Elifaz, son hans Esau, hadde ei fylgjekona som heitte Timna. Med henne fekk Elifaz sonen Amalek. Dette var sønerne hennar Ada, kona hans Esau.
- 13 Og dette er sønerne hans Re’uel: Nahat og Zerah, Samma og Mizza. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau.
- 14 Og dette er sønerne åt Åhålibama, dotter hans Ana, sonedotter hans Sibeon, kona hans Esau: med henne fekk Esau sønerne Je’us og Jalam og Korah.
- 15 Dette er jarlarne åt Esau-folket: Sønerne åt Elifaz, eldste son hans Esau, var Teman-jarlen, Omar-jarlen, Sefo-jarlen, Kenaz-jarlen,
- 16 Korah-jarlen, Gatam-jarlen, Amalek-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Elifaz i Edomlandet. Dette var sønerne åt Ada.
- 17 Og dette er sønerne hans Re’uel, son åt Esau: Nahat-jarlen, Zerah-jarlen, Samma-jarlen, Mizza-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Re’uel i Edomlandet. Dette var sønerne åt Basmat, kona hans Esau.
- 18 Og dette er sønerne åt Åhålibama, kona hans Esau: Je’us-jarlen, Jalam-jarlen, Korah-jarlen. Det var dei jarlarne som var ætta frå Åhålibama Anasdotter, kona hans Esau.
- 19 Dette var Esaus-sønerne, og dette var jarlarne deira. Dette var Edom-folket.
- 20 Dette er sønerne åt Se’ir, horiten, som hadde bygt landet: Lotan og Sobal og Sibeon og Ana
- 21 og Dison og Eser og Disan. Det var jarlarne åt horitarne, Se’ir-folket i Edomlandet.
- 22 Og sønerne hans Lotan var Hori og Hemam, og syster hans Lotan var Timna.
- 23 Og dette er sønerne hans Sobal: Alvan og Manahat og Ebal, Sefo og Onam.
- 24 Og dette er sønerne hans Sibeon: Aja og Ana. Ana var det som fann dei heite kjeldorne i øydemarki, medan han gjætte asni åt Sibeon, far sin.
- 25 Og dette er borni hans Ana: Dison og Åhålibama Anasdotter.
- 26 Og dette er sønerne hans Dison: Hemdan og Esban og Jitran og Keran.
- 27 Dette er sønerne hans Eser: Bilhan og Za’avan og Akan.
- 28 Dette er sønerne hans Dison: Us og Aran.
- 29 Dette er jarlarne åt horitarne: Lotan-jarlen, Sobal-jarlen, Sibeon-jarlen, Ana-jarlen,
- 30 Dison-jarlen, Eser-jarlen, Disan-jarlen. Det var jarlarne åt horitarne, fylkeshovdingarne deira, i Se’irlandet.
- 31 Og dette er dei kongarne som rådde yver Edomlandet, fyrr det rådde nokon konge yver Israels-folket.
- 32 Bela, son åt Beor, var konge i Edom, og byen han sat i heitte Dinhaba.
- 33 Og Bela døydde, og Jobab, son åt Zerah, frå Bosra, vart konge i staden hans.
- 34 Og Jobab døydde, og Husam frå Temanitarlandet vart konge i staden hans.
- 35 Og Husam døydde, og Hadad, son åt Bedad, vart konge i staden hans; han var det som vann yver midjanitarne på Moabmoen. Og byen hans heitte Avit.
- 36 Og Hadad døydde, og Samla frå Masreka vart konge i staden hans.
- 37 Og Samla døydde, og Saul frå Rehobot uppmed åi vart konge i staden hans.
- 38 Og Saul døydde, og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, vart konge i staden hans.
- 39 Og Ba’al-Hanan, son åt Akbor, døydde, og Hadar vart konge i staden hans, og hans by heitte Pa’u; og kona hans heitte Mehetabel, dotter åt Matred, som var dotter åt Mezahab.
- 40 Og dette er jarlarne av Esau-ætti, etter sine ætter, i sine bustader, med sine namn: Timna-jarlen, Alva-jarlen, Jetet-jarlen,
- 41 Åhålibama-jarlen, Ela-jarlen, Pinon-jarlen,
- 42 Kenaz-jarlen, Teman-jarlen, Mibsar-jarlen,
- 43 Magdiel-jarlen, Iram-jarlen. Det var jarlarne i Edom, etter bustaderne sine i det landet dei åtte. Dette var ætti hans Esau, far åt Edom-folket.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗