창세기 32장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 32절
- 1 Og Jakob for sin veg framigjenom, og Guds englar møtte honom.
- 2 Då Jakob såg deim, sagde han: «Dette er Guds herlæger,» og han kalla den staden Mahanajim.
- 3 Og Jakob sende folk fyre seg til Se’irlandet, til Edomsmarki, med bod til Esau, bror sin.
- 4 Og han sagde deim fyre: «So skal de segja med herren min, Esau: «So segjer Jakob, tenaren din: «Eg hev halde til hjå Laban, og trøytt der til no.
- 5 Og eg hev fenge meg uksar og asen og småfe og drengjer og gjentor, og no var eg huga til å senda deg bod um dette, herre bror, um eg kunde gjera deg blid på meg.»»»
- 6 Og dei kom attende til Jakob og sagde: «Me råka Esau, bror din, og rett no kjem han sjølv til møtes med deg, og fire hundrad mann med honom.»
- 7 Då vart Jakob ovleg rædd, og det var so bringa hans vilde snøra seg i hop. Og han bytte folket som var med honom, og sauerne og nauti og kamelarne, i tvo hopar,
- 8 og sagde: «Um Esau kjem yver den eine hopen og slær honom ned, so kann den hopen som att er, få berga seg undan.»
- 9 Og Jakob sagde: «Du Gud åt Abraham, godfar min, du Gud åt Isak, far min, du Herre, som sagde til meg: «Far attende til landet ditt og fødesheimen din, og eg skal gjera vel imot deg» -
- 10 eg er ikkje verd all den miskunn og all den truskap du hev vist imot tenaren din; for med stav i hand gjekk eg yver denne Jordanelvi, og no er eg vorten til tvo store hopar.
- 11 Å, berga meg for Esau, bror min; for eg er so rædd honom; eg ottast han kann koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.
- 12 Du hev då sjølv sagt: «Eg skal allstødt gjera vel imot deg og lata ætti di verta som havsens sand, som det ikkje er tal på.»»
- 13 So var han der um natti, og av alt det han åtte, tok han ut ei gåva til Esau, bror sin:
- 14 tvo hundrad geiter og tjuge bukkar, tvo hundrad søyor og tjuge verar,
- 15 tretti mjølkekamelar med fyli deira, fyrti kvigor og ti vetrungsuksar, tjuge asenfyljur og ti asenfolar.
- 16 Og han let drengjerne sine fara i vegen med dette, kvar drift for seg, og sagde med deim: «Far de fyre meg, og lat det vera eit godt stykke millom kvar drift!»
- 17 So sagde han med den fyrste av deim: «Når Esau, bror min, møter deg, og han talar til deg og spør: «Kven høyrer du til, og kvar skal du av, og kven eig den bølingen, som du driv?»
- 18 då skal du segja: «Jakob, tenaren din; det er ei gåva han sender Esau, herren min, og snart kjem han sjølv etter.»»
- 19 Sameleis tala han til den andre og den tridje og til alle drivarane, og sagde: «De som eg no hev sagt, skal de segja med Esau, når de møter honom.
- 20 Og dette skal de og segja: «Snart kjem Jakob, tenaren din, etter.»» For han tenkte: «Eg vil blidka honom med denne gåva, som eg sender fyre meg, og sidan vil eg sjå honom i andlitet; kann henda han då tek vel imot meg.»
- 21 So for dei fyre med gåva, og sjølv var han i lægret den natti.
- 22 Same natti reis han upp, og tok båe konorne og båe ternorne sine og alle dei elleve sønerne sine og gjekk yver Jabbokvadet.
- 23 Han tok og flutte deim yver åi, og alt han åtte, førde han yver.
- 24 So var Jakob att åleine. Då kom det ein mann og drogst med honom radt til i dagingi.
- 25 Og då han såg at han ikkje kunde råda med honom, snart han mjødmeskåli hans, og mjødmi gjekk or led på Jakob, medan dei drogst.
- 26 Og han sagde: «Slepp meg, for no er det dagen.» Men Jakob sagde: «Eg slepper deg ikkje, utan du velsignar meg.»
- 27 «Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob,» svara han.
- 28 Då sagde mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel. For du hev stridt med Gud og med menner, og vunne.»
- 29 Og Jakob spurde honom og sagde: «Kjære deg, seg meg namnet ditt!» Men han svara: «Kvi spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna honom der.
- 30 Og Jakob kalla den staden Peniel; «for eg hev set Gud, andlit mot andlit,» sagde han, «og endå berga livet.»
- 31 Og med same han var komen framum Penuel, rann soli. Og han var halt i mjødmi.
- 32 Difor er det so den dag i dag, at Israels-sønerne aldri et den store seni som er på mjødmeskåli, av di han snart mjødmeskåli hans Jakob på den store seni der er.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗