창세기 25장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 34절
- 1 Og Abraham tok seg ei kona att; ho heitte Ketura.
- 2 Med henne fekk han Simran og Joksan og Medan og Midjan og Jisbak og Suah.
- 3 Og Joksan var far til Sjeba og Dedan. Og sønerne hans Dedan var Assurar og Letusar og Leummar.
- 4 Og sønerne hans Midjan var Efa og Efer og Hanok og Abida og Elda’a. Alle desse var borni hennar Ketura.
- 5 Abraham gav Isak alt det han åtte.
- 6 Men sønerne åt fylgjekonorne sine gav Abraham gåvor og let deim flytja burt frå Isak, son sin, og taka austetter, til Austerland, medan han endå livde.
- 7 Og dette er dagarne hans Abraham og den alderen han nådde: hundrad og fem og sytti år.
- 8 Og Abraham sålast og døydde etter ein god alderdom, gamall og mett av dagar, og kom til federne sine.
- 9 Og Isak og Ismael, sønerne hans, jorda honom i Makpelahelleren, på gjordet hans Efron, son åt Sohar, hetiten, austanfor Mamre,
- 10 det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-sønerne. Der vart Abraham og Sara, kona hans, jorda.
- 11 Men då Abraham var slokna, gav Gud velsigningi si til Isak, son hans. Og Isak, han budde attmed «Kjelda åt den som liver, og ser meg».
- 12 Dette er ættartalet åt Ismael, son hans Abraham, han som Abraham fekk med Hagar frå Egyptarland, terna hennar Sara.
- 13 Og dette er namni på sønerne hans Ismael, dei namni som er i ættarsoga deira: Nebajot, det var eldste son hans Ismael, og Kedar og Adbe’el og Mibsam
- 14 og Misma og Duma og Massa
- 15 og Hadar og Tema og Jetur og Nafis og Kedma.
- 16 Dette var sønerne hans Ismael, og dette var namni deira, med grenderne og lægri deira, tolv ættarhovdingar.
- 17 Og dette er liveåri hans Ismael: hundrad og sju og tretti år. Og han sålast og døydde, og kom til federne sine.
- 18 Og dei budde frå Havila til Sur, som ligg midt for Egyptarland, når du tek leidi mot Assur. Midt for augo åt alle brørne sine slo han seg ned.
- 19 Dette er ættarsoga hans Isak, son åt Abraham:
- 20 Abraham var far åt Isak. Og Isak var fyrti år gamall, då han gifte seg med Rebekka, dotter åt Betuel, aramæaren frå Mesopotamia, syster åt Laban, aramæaren.
- 21 Og Isak bad til Herren for Rebekka, kona si, av di ho var barnlaus. Og Herren høyrde bøni hans, og Rebekka, kona hans, vart umhender.
- 22 Men borni drogst i livet hennar. Då sagde ho: «Er det so, kvi skal eg då vera til?» Og ho gjekk av stad og spurde Herren.
- 23 Og Herren sagde til henne: «I livet ditt er lydar tvo, Tvo folk skal frå ditt fang seg greina; Eitt folk er sterkare enn hitt. Den eldre skal den yngre tena!»
- 24 Då so tidi hennar kom, at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.
- 25 Og den som kom fyrst, var raud, og loden yver allan, som ein feld; so kalla dei honom Esau.
- 26 Og då bror hans kom, heldt han med handi i hælen på Esau. So kalla dei honom Jakob. Då dei kom til verdi, var Isak seksti år gamall.
- 27 Og sveinarne voks upp, og Esau vart ein glup veidemann, og heldt til i skog og mark; men Jakob var ein mild og fredsam kar, og heldt seg heime, attmed tjeldbuderne.
- 28 Og Isak tykte gildast um Esau, for han åt gjerne vilt; men Rebekka tykte gildast um Jakob.
- 29 Ein gong koka Jakob ein velling; då kom Esau heim av skogen, og var trøytt og mod.
- 30 Og Esau sagde med Jakob: «Å lat meg få gløypa i meg noko av det raude, dette raude der; eg er reint kvitt!» Difor kallar dei honom Edom.
- 31 Då sagde Jakob: «Sel meg fyrst odelen din!»
- 32 Og Esau sagde: «Du ser, eg er åt og skal døy; kva skal eg då med odelen?»
- 33 «Gjer fyrst eiden på det!» sagde Jakob. So gjorde Esau eiden på det, og selde odelen sin til Jakob.
- 34 Og Jakob gav Esau brød og linsevelling, og han åt, og drakk, og reis upp, og gjekk sin veg. So lite vyrde Esau odelen.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗