창세기 17장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 27절
- 1 Då Abram var ni og nitti år gamall, synte Herren seg for honom, og sagde til honom: «Eg er Gud den Allvelduge. Far du fram for mi åsyn, og haldt deg ulastande,
- 2 so eg kann fremja mi pakt med deg og auka ætti di endelaust.»
- 3 Då kasta Abram seg å gruve, og Gud tala med honom, og sagde:
- 4 «Sjå, eg er i pakt med deg, og du skal verta far åt ein fjølde med tjoder.
- 5 Dei skal ikkje lenger kalla deg Abram, men du skal heita Abraham: til far åt ei mengd med folkeslag vil eg gjera deg.
- 6 Og eg vil lata deg veksa og aukast, so du vert til mange tjoder, kongar skal ættast frå deg.
- 7 Og eg vil stadfesta mi pakt med deg og med ætti di etter deg, frå alder til alder, ei æveleg pakt, og vera din Gud og Gud åt ætti di etter deg.
- 8 Og eg vil gjeva deg og ætti di etter deg det landet som du held til i, heile Kana’ans-landet, til eiga i all æva, og eg vil vera deira Gud.»
- 9 Og Gud sagde til Abraham: «Og du skal halda pakti mi, både du og ætti di etter deg, frå alder til alder!
- 10 Dette er pakti, som de skal halda, millom meg og dykk og ætti di etter deg: Alt karfolk hjå dykk skal umskjerast!
- 11 De skal skjera av holdet på huva dykkar: det skal vera merket på pakti millom meg og dykk.
- 12 Kvart sveinbarn hjå dykk skal umskjerast, fyrst det er åtte dagar gamall, alder etter alder, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar: alle dei som er frå framande land, og ikkje er av di ætt.
- 13 Umskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei som er kjøpte for pengarne dine! So skal pakti mi te seg på holdet dykkar, ei æveleg pakt!
- 14 Men den som ikkje er umskoren, den som huveholdet ikkje er avskore på, den mannen skal verta utrudd or folket sitt; han hev brote mi pakt!»
- 15 Og Gud sagde til Abraham: «Saraj, kona di, skal du ikkje lenger kalla Saraj: Sara skal ho heita.
- 16 Og eg vil velsigna henne og gjeva deg ein son med henne og; velsigna vil eg henne, og ho skal verta til mange tjoder; kongar yver store rike skal ættast frå henne.»
- 17 Då kasta Abraham seg å gruve, og log. Og han sagde med seg sjølv: «Kann ein mann som er hundrad år gamall, få barn? Og Sara, som er nitti år, kann ho verta mor?»
- 18 Og Abraham sagde til Gud: «Gjev Ismael måtte få liva og tekkjast deg!»
- 19 Då sagde Gud: «Som eg hev sagt: Sara, kona di, skal eiga ein son, og du skal kalla honom Isak, og eg vil stadfesta pakti mi med honom, ei æveleg pakt, med hans ætt etter honom!
- 20 Og um Ismael, so hev eg og høyrt bøni di: Sjå, eg vil velsigna honom og lata honom veksa og aukast alt meir og meir. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera honom til eit stort folk.
- 21 Men pakti mi vil eg stadfesta med Isak, som Sara skal eiga eit anna år dette bil.»
- 22 So sagde han ikkje meir til honom då. Og Gud for upp att frå Abraham.
- 23 Og same dagen tok Abraham son sin, Ismael, og alle som var fødde i huset hans, og alle som var kjøpte for pengarne hans, alt karfolket i huset hans Abraham, og skar av holdet på huva deira, som Gud hadde sagt med honom.
- 24 Abraham var ni og nitti år gamall, då huveholdet vart avskore på honom.
- 25 Og Ismael, son hans, var trettan år gamall, då huveholdet vart avskore på honom.
- 26 Denne same dagen vart dei umskorne, både Abraham og Ismael, son hans.
- 27 Og alle karar i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei framande, som var kjøpte for pengar, dei vart umskorne med honom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗