창세기 14장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 24절
- 1 I den tidi då Amrafel var konge i Sinear, og Arjok konge i Ellasar, og Kedorlaomer konge i Elam, og Tideal konge yver heidningarne,
- 2 då hende det at det vart ufred millom dei kongarne og Bera, kongen i Sodoma, og Birsa, kongen i Gomorra, og Sineab, kongen i Adma, og Semeber, kongen i Sebojim, og kongen i Bela, som no heiter Soar.
- 3 Alle desse slo seg i hop og lagde vegen til Siddimdalen, der som Saltsjøen er no.
- 4 Tolv år hadde dei tent Kedorlaomer, men det trettande året fall dei frå honom.
- 5 Og det fjortande året kom Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, og slo under seg refa’itarne i Asterot-Karnajim og zuzitarne i Ham og emitarne på Kirjatajimsletta
- 6 og horitarne på fjelli deira, Se’irfjelli, alt til Paranlunden, som er utmed øydemarki.
- 7 So snudde dei um, og kom til Domskjelda, der som Kades ligg, og lagde under seg alt Amalekitarlandet og amoritarne med, dei som budde i Haseson-Tamar.
- 8 Og kongen i Sodoma og kongen i Gomorra og kongen i Adma og kongen i Sebojim og kongen i Bela, som no heiter Soar, dei tok ut, og fylkte heren sin imot deim i Siddimdalen,
- 9 mot Kedorlaomer, kongen i Elam, og Tideal, kongen yver heidningarne, og Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem.
- 10 Men i Siddimdalen var det fullt av jordbikgrover. Og kongarne i Sodoma og Gomorra laut røma, og då stupte dei ned i groverne; og dei som att var, rømde til fjells.
- 11 Og hine tok alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira, og drog burt.
- 12 Og dei tok Lot, brorson hans Abram, og godset hans og drog av med; for han budde i Sodoma.
- 13 Men ein av deim som hadde kome seg undan, bar bod um alt dette til Abram, hebræaren, som budde i eikelunden åt Mamre, amoriten. Og Mamre, han var bror åt Eskol og Aner, og dei var alle i samlag med Abram.
- 14 Då no Abram høyrde at brorson hans var fanga, tok han ut med alle sine fullrøynde sveinar, som var fødde og fostra i huset hans, tri hundrad og attan i talet, og sette etter deim alt til Dan.
- 15 Der bytte han sund flokken sin, og tok på deim um natti med sveinarne sine, og han vann yver deim, og elte deim radt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus.
- 16 So tok han att alt godset, og Lot, brorson sin, og hans gods tok han og att, og kvendi og hitt folket med.
- 17 Då han so var på heimvegen og hadde vunne yver Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, kom kongen i Sodoma imot honom til Flatedal, der som no heiter Kongsdalen.
- 18 Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest åt Gud den Høgste.
- 19 Og han velsigna honom og sagde: «Gud den Høgste, han som eiger Jord og himmel, signe Abram!
- 20 Gud den Høgste vere lova! I di hand gav han din fiend.» Og Abram gav honom tiend av alt.
- 21 Og kongen i Sodoma sagde med Abram: «Gjev meg folket, og tak du godset!»
- 22 Då sagde Abram med kongen i Sodoma: «Eg retter upp handi til Herren, Gud den Høgste, han som eig himmel og jord:
- 23 Ikkje so mykje som ein tråd eller ei skoreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje hava det å segja: «Eg gjorde Abram rik.»
- 24 Eg vil ingen ting hava, anna enn den maten som sveinarne hev ete, og den luten som fell på dei mennerne som var med meg, Aner og Eskol og Mamre; lat deim få sin lut!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗