창세기 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 32절
- 1 Dette er dei ætterne som hev kome frå sønerne hans Noah, Sem og Kham og Jafet; dei fekk søner, etter storflodi hadde vore:
- 2 Sønerne hans Jafet var Gomer og Magog og Madaj og Javan og Tubal og Mesek og Tiras.
- 3 Og sønerne hans Gomer var Askenas og Rifat og Togarma.
- 4 Og sønerne hans Javan var Elisa og Tarsis, og Kittim og Dodanim.
- 5 Frå deim hev folki på heidninge-øyarne greina seg ut i landi sine, kvart med sitt tungemål, etter sine ætter, i sine rike.
- 6 Og sønerne hans Kham var Kusj og Misrajim og Put og Kana’an.
- 7 Og sønerne hans Kusj var Seba og Havila og Sabta og Raema og Sabteka, og sønerne hans Raema var Sjeba og Dedan.
- 8 Og Kusj hadde endå ein son, som heitte Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jordi.
- 9 Han var ein gjæv veidemann i Herrens augo. Difor vert det sagt: «Ein gjæv veidemann i Herrens augo, som Nimrod.»
- 10 Fyrst rådde han yver Babel og Erek og Akkad og Kalne i Sinearlandet.
- 11 Frå det landet for han til Assur, og bygde Nineve og Rehobot-Ir og Kalah
- 12 og Resen millom Nineve og Kalah; dette er Storstaden.
- 13 Og Misrajim vart far til ludarane og anamarane og lehabarane og naftuharane
- 14 og patrusarane og kasluharane, dei som filistarane hev kome frå, og kaftorarane.
- 15 Og Kana’an vart far til Sidon - det var den fyrste sonen hans - og til Het
- 16 og til jebusitarne og amoritarne og girgasitarne
- 17 og hevitarne og arkitarne og sinitarne,
- 18 og arvaditarne og semaritarne og hamatitarne. Sidan breidde kananitarfolki seg vidare ut.
- 19 Og landskilet åt kananitarne gjekk frå Sidon til Gaza, når du tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når du tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim.
- 20 Dette er Khams-sønerne, med sine ætter og tungemål, i sine land og rike.
- 21 Og Sem, eldste bror hans Jafet, han fekk og born; han er det som alle Ebers-sønerne er ætta frå.
- 22 Og sønerne hans Sem var Elam og Assur og Arpaksad og Lud og Aram.
- 23 Og sønerne hans Aram var Us og Hul og Geter og Mas.
- 24 Og Arpaksad fekk sonen Salah, og Salah fekk sonen Eber.
- 25 Og Eber fekk tvo søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart jordi utbytt millom folki. Og bror hans heitte Joktan.
- 26 Og Joktan vart far til Almodad og Salef og Hasarmavet og Jarah
- 27 og Hadoram og Uzal og Dikla
- 28 og Obal og Abimael og Sjeba
- 29 og Ofir og Havila og Jobab; alle desse var sønerne hans Joktan.
- 30 Og dei budde i Austfjellet, frå Mesa og burtimot Sefar.
- 31 Dette er sønerne hans Sem, med sine ætter og tungemål, i sine land og med sine rike.
- 32 Dette var dei folki som hev kome frå sønerne hans Noah, etter sine ættgreiner, i sine rike. Og frå deim hev alle folkeslag greina seg ut yver jordi etter storflodi.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗