전도서 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 전도서 (Ecclesiastes) · 29절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Betre godt namn enn god salve, og betre døyande-dagen enn fødedagen. | A good name is better than precious ointment; and the day of death than the day of one’s birth. |
| 2 | Betre til syrgjehus ganga enn til gjestebodshus, so visst som det er enden for alle menneskje, og den som liver, skal leggja seg det på hjarta. | It is better to go to the house of mourning, than to go to the house of feasting: for that is the end of all men; and the living will lay it to his heart. |
| 3 | Betre gremmelse enn lått, for når andlitet ser ille ut, stend vel til med hjarta. | Sorrow is better than laughter: for by the sadness of the countenance the heart is made better. |
| 4 | Hjarta åt vismenner er i syrgjehus, men hjarta åt dårar er i gledehus. | The heart of the wise is in the house of mourning; but the heart of fools is in the house of mirth. |
| 5 | Betre høyra skjenn av ein vismann enn når nokon høyrer song av dårar. | It is better to hear the rebuke of the wise, than for a man to hear the song of fools. |
| 6 | For som tyrnerris sprakar under gryta, soleis er det når dåren lær. - Det og er fåfengd. | For as the crackling of thorns under a pot, so is the laughter of the fool: this also is vanity. |
| 7 | For urett vinning gjer vismann til dåre, og mutor skjemmer ut hjarta. | Surely oppression maketh a wise man mad; and a gift destroyeth the heart. |
| 8 | Betre enden på ei sak enn upphavet, betre tolmodig enn ovmodig. | Better is the end of a thing than the beginning thereof: and the patient in spirit is better than the proud in spirit. |
| 9 | Ver ikkje for brå i hugen til å gremmast, for gremmelse bur i barmen på dårar. | Be not hasty in thy spirit to be angry: for anger resteth in the bosom of fools. |
| 10 | Seg ikkje: «Korleis hev det seg at dei framfarne dagar var betre enn dei som no er?» For ikkje utav visdom spør du um det. | Say not thou, What is the cause that the former days were better than these? for thou dost not enquire wisely concerning this. |
| 11 | Visdom er jamgod med ervegods, og ei vinning for deim som ser soli. | Wisdom is good with an inheritance: and by it there is profit to them that see the sun. |
| 12 | For ein sit i skuggen av visdomen som i skuggen av pengar, men fyremunen med kunnskap er at visdomen held eigaren sin i live. | For wisdom is a defence, and money is a defence: but the excellency of knowledge is, that wisdom giveth life to them that have it. |
| 13 | Sjå på Guds verk! For kven kann beinka det som han hev gjort krokut? | Consider the work of God: for who can make that straight, which he hath made crooked? |
| 14 | På ein god dag skal du vera i godlag, og på ein vond dag skal du tenkja på at Gud hev gjort den og likso vel som hin, av di at menneskja ikkje skal finna noko ulivt etter si avferd. | In the day of prosperity be joyful, but in the day of adversity consider: God also hath set the one over against the other, to the end that man should find nothing after him. |
| 15 | Alt hev eg set i dei fåfengde dagerne mine: Det hender at ein rettferdig gjeng til grunns tråss i si rettferd, og at ein gudlaus liver lenge tråss i sin vondskap. | All things have I seen in the days of my vanity: there is a just man that perisheth in his righteousness, and there is a wicked man that prolongeth his life in his wickedness. |
| 16 | Ver ikkje altfor rettferdig, og te deg ikkje for vis! Kvifor vil du tyna deg sjølv? | Be not righteous over much; neither make thyself over wise: why shouldest thou destroy thyself? |
| 17 | Ver ikkje altfor gudlaus, og ver ikkje ein dåre? Kvifor vil du døy fyre tidi? | Be not over much wicked, neither be thou foolish: why shouldest thou die before thy time? |
| 18 | Det er godt at du held fast på det eine og ikkje heller slepper handi av det andre, for den som ottast Gud, han greider seg or alt dette. | It is good that thou shouldest take hold of this; yea, also from this withdraw not thine hand: for he that feareth God shall come forth of them all. |
| 19 | Visdomen gjev vismannen ei sterkare vern enn ti magthavarar i ein by. | Wisdom strengtheneth the wise more than ten mighty men which are in the city. |
| 20 | For det finst ikkje eit rettferdigt menneskje på jordi som berre gjer godt og aldri syndar. | For there is not a just man upon earth, that doeth good, and sinneth not. |
| 21 | Agta ikkje heller på alt det som folk segjer, elles kunde du få høyra din eigen træl banna deg. | Also take no heed unto all words that are spoken; lest thou hear thy servant curse thee: |
| 22 | For du veit med deg sjølv, at du og mange gonger hev banna andre. | For oftentimes also thine own heart knoweth that thou thyself likewise hast cursed others. |
| 23 | Alt dette hev eg røynt ut med visdom. Eg tenkte: «Visdom vil eg vinna!» men han heldt seg langt burte frå meg. | All this have I proved by wisdom: I said, I will be wise; but it was far from me. |
| 24 | Langt burte er det som til er, og so djupt, so djupt; kven kann nå det? | That which is far off, and exceeding deep, who can find it out? |
| 25 | Eg gav meg til, og hugen gjekk ut på å kjenna og granska og søkja visdom og ettertanke og få vita at gudløysa er dårskap og narreskapen vitløysa. | I applied mine heart to know, and to search, and to seek out wisdom, and the reason of things, and to know the wickedness of folly, even of foolishness and madness: |
| 26 | Då fann eg at kvinna er beiskare enn dauden, for ho er eit net, og hjarta hennar eit garn, og henderne hennar lekkjor. Den som tekkjest Gud, slepp ifrå henne, men syndaren vert hennar fange. | And I find more bitter than death the woman, whose heart is snares and nets, and her hands as bands: whoso pleaseth God shall escape from her; but the sinner shall be taken by her. |
| 27 | Sjå det fann eg, segjer preikaren, då eg lagde det eine i hop med det andre og vilde koma til ei endelykt: | Behold, this have I found, saith the preacher, counting one by one, to find out the account: |
| 28 | Det som eg stødt hev leita etter, men ikkje funne, det er: Ein mann millom tusund hev eg funne, men ei kvinna hev eg ikkje funne millom alle deim. | Which yet my soul seeketh, but I find not: one man among a thousand have I found; but a woman among all those have I not found. |
| 29 | Berre dette hev eg funne ut, skal du vita, at Gud hev skapt menneskja rett, men dei søkjer mange krokar. | Lo, this only have I found, that God hath made man upright; but they have sought out many inventions. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL