전도서 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 전도서 (Ecclesiastes) · 12절
- 1 Det er ei ulukka som eg hev set under soli, og tung ligg ho på menneskja:
- 2 Når Gud gjev ein mann rikdom og skattar og æra, so han for sin part ikkje vantar noko av det han ynskjer, men Gud ikkje let honom vera kar til å njota godt av det, men ein framand mann fær njota det, so er det fåfengd og ei vond liding.
- 3 Um ein mann fær hundrad born og liver mange år, so talet vert stort på dagarne i hans liveår, men sjæli hans ikkje vert mett av det gode, og han so ikkje fær nokor jordferd, då segjer eg: Eit ufullbore foster er betre fare enn han.
- 4 For til fåfengs kom det, og i myrker gjeng det burt, og i myrker fær det namnet sitt løynt,
- 5 og soli hev det korkje set eller kjent - det hev meir ro enn han.
- 6 Og um han so livde tusund år tvo gonger, men ikkje fekk njota noko godt - fer ikkje alt til ein stad?
- 7 All mannsens møda er for munnen hans, og like vel vert hugen aldri nøgd.
- 8 For kva fyremun hev vismannen framfor dåren? Kva fyremun hev fatigmannen som veit å vandra for augo på dei livande?
- 9 Betre augnesyn enn ein urolig hugen. Det er fåfengd og jag etter vind.
- 10 Det som hender, er alt fyrr nemnt med namn, og det er kjent kva ein mann skal verta, og ikkje kann han saksøkja den som er sterkare enn han.
- 11 For det finst ein ordrikdom som berre aukar fåfengdi, kva gagn hev mannen av det?
- 12 For kven veit kva som er godt for mannen i livet, i alle hans fåfengde livedagar som han fer igjenom som ein skugge? Og kven segjer med mannen kva som skal henda under soli etter hans tid?
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗