전도서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 전도서 (Ecclesiastes) · 16절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Framleides såg eg på alle dei valdsverk som vert gjorde under soli. Det rann frå deim som leid, og ingen trøysta deim; valdsmenner bruka magt mot deim, og ingen trøysta deim. | So I returned, and considered all the oppressions that are done under the sun: and behold the tears of such as were oppressed, and they had no comforter; and on the side of their oppressors there was power; but they had no comforter. |
| 2 | Då laut eg segja at dei avlidne, dei som alt hadde fenge døy, dei var sælare enn dei livande som endå er i live. | Wherefore I praised the dead which are already dead more than the living which are yet alive. |
| 3 | Men sælare enn båe tvo er den som ikkje hev vorte til endå, og som hev sloppe å sjå det vonde verk som folk gjer under soli. | Yea, better is he than both they, which hath not yet been, who hath not seen the evil work that is done under the sun. |
| 4 | Og eg såg at alt stræv og all dugleik i arbeidet ikkje er anna enn ovund som driv den eine fyre den andre. Det og er fåfengd og jag etter vind. | Again, I considered all travail, and every right work, that for this a man is envied of his neighbour. This is also vanity and vexation of spirit. |
| 5 | Dåren legg henderne i kross og et sitt eige kjøt. | The fool foldeth his hands together, and eateth his own flesh. |
| 6 | Betre ein neve med ro enn båe henderne fulle av møda og jag etter vind. | Better is an handful with quietness, than both the hands full with travail and vexation of spirit. |
| 7 | Og endå noko såg eg som er fåfengt under soli: | Then I returned, and I saw vanity under the sun. |
| 8 | Det hender at ein mann stend åleine og hev ingen annan med seg, korkje son eller bror; og like vel er det ingen ende på alt strævet hans, og augo hans vert ikkje mette av rikdom. Men kven strævar eg for og neittar meg sjølv det som godt er? Det er fåfengt, og ei leid møda er det. | There is one alone, and there is not a second; yea, he hath neither child nor brother: yet is there no end of all his labour; neither is his eye satisfied with riches; neither saith he, For whom do I labour, and bereave my soul of good? This is also vanity, yea, it is a sore travail. |
| 9 | Tvo er betre farne enn ein, for dei hev god løn for strævet sitt. | Two are better than one; because they have a good reward for their labour. |
| 10 | Um dei dett, kann den eine reisa upp felagen sin; men usæl er einstødingen som dett og ikkje hev nokon til å reisa seg upp! | For if they fall, the one will lift up his fellow: but woe to him that is alone when he falleth; for he hath not another to help him up. |
| 11 | Likeins når tvo ligg i hop, so vert dei varme, men korleis skal ein verta varm åleine? | Again, if two lie together, then they have heat: but how can one be warm alone? |
| 12 | Og um nokon kann vinna yver den som er åleine, so kann tvo standa seg imot honom, og tritvinna tråd slit ein ikkje av so snart. | And if one prevail against him, two shall withstand him; and a threefold cord is not quickly broken. |
| 13 | Betre er ein fatig og vis ungdom enn ein gamall og fåvitug konge som ikkje lenger veit å lata seg segja. | Better is a poor and a wise child than an old and foolish king, who will no more be admonished. |
| 14 | For ein slik ungdom steig or fangehuset upp til kongedøme, endå han var fødd i fatigdom i den andre sitt rike. | For out of prison he cometh to reign; whereas also he that is born in his kingdom becometh poor. |
| 15 | Eg såg alle livande som ferdast under soli fylgja med ungdomen, han den andre som skulde koma i staden for hin. | I considered all the living which walk under the sun, with the second child that shall stand up in his stead. |
| 16 | Det var ingen ende på alt folket, alle dei som han var førar for. Like vel er dei ikkje glade i honom, dei som sidan kom. Nei, det og er fåfengd og jag etter vind. Agta foten din når du gjeng til Guds hus! Det er betre at ein held seg nær og høyrer enn at dårar ber fram slagtoffer; for dei gjer vondt av di dei ikkje veit. | There is no end of all the people, even of all that have been before them: they also that come after shall not rejoice in him. Surely this also is vanity and vexation of spirit. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL