전도서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 전도서 (Ecclesiastes) · 22절
- 1 Alt hev si stund, og kvart tiltak under himmelen hev si tid:
- 2 Fødast hev si tid, og døy hev si tid; planta hev si tid, og riva upp det som er planta hev si tid;
- 3 drepa hev si tid, og lækja hev si tid; riva ned hev si tid, og byggja upp hev si tid;
- 4 gråta hev si tid, og læ hev si tid; syrgja hev si tid, og dansa hev si tid;
- 5 kasta stein hev si tid, og sanka stein hev si tid; fangtak hev si tid, og halda seg frå fangtak hev si tid;
- 6 leita hev si tid, og missa hev si tid; gøyma hev si tid, og kasta burt hev si tid;
- 7 riva sund hev si tid, og sauma i hop hev si tid; tegja hev si tid, og tala hev si tid;
- 8 elska hev si tid, og hata hev si tid; ufred hev si tid, og fred hev si tid.
- 9 Kva vinning fær då den som gjer noko av den møda han hev med det?
- 10 Eg såg på det strævet som Gud hev gjeve mannsborni å stræva med.
- 11 Alt hev han laga fagert til si tid, ja, æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann finna ut frå upphav til endes det verk som Gud hev gjort.
- 12 Då skyna eg at dei ikkje hev noko betre enn å gleda seg og goda seg so lenge livet varer.
- 13 Men det å eta og drikka og njota livet midt i all møda, det og ei Guds gåva for kvar mann.
- 14 Eg skyna at alt det Gud gjer, det varer æveleg, ikkje kann ein leggja noko til, og ikkje kann ein taka noko ifrå; og det hev Gud gjort so, av di me skal ottast honom.
- 15 Det som hender, hev vore til fyrr, og det som kjem til å henda, hev og vore til fyrr; Gud leitar upp att det framfarne.
- 16 Framleides såg eg under soli: I domstolen, der sat uretten, og på rettferd-staden, der var uretten.
- 17 Då sagde eg med meg sjølv: «Den rettferdige og den urettferdige skal Gud døma; for hjå han er det sett ei tid for kvart tiltak og for kvart verk.»
- 18 Eg sagde med meg sjølv: «Det er for mannsborni skuld, for Gud vil prova deim, so dei kann sjå at dei i seg sjølve ikkje er anna enn dyr.
- 19 For lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og ei ånd hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri, for alt er fåfengt.
- 20 Alle gjeng til ein stad, alle er komne av moldi, og alle skal attende til moldi.
- 21 Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?»
- 22 So skyna eg at ingen ting er betre enn at mannen er glad i arbeidet sitt, for det er hans lut. For kven kann føra honom so langt, at han ser inn i det som skal koma etter honom?
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗