전도서 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 전도서 (Ecclesiastes) · 20절
- 1 Eiterflugor set illtev og æsing i salven åt salvemakeren; ein grand dårskap veg meir enn visdom, meir enn æra.
- 2 Vismanns-hug til retta gjeng, og dåre-hug til keiva.
- 3 Og kvar helst dåren gjeng, tryt vitet hans, og han segjer frå til kvar og ein at han er ein dåre.
- 4 Um hovdings vreide reiser seg mot deg, so gakk ikkje frå din post! For roleg åtferd hindrar mange synder.
- 5 Det er ei ulukka som eg hev set under soli liksom eit mistak som kjem frå ein magthavar:
- 6 Dårskapen er sett i høge sessar, og rikfolk lyt sitja lågt.
- 7 Eg hev set trælar på hesteryggen og hovdingar ganga på sin fot som trælar.
- 8 Den som grev ei grav, kann stupa nedi, og den som riv ein mur, kann ormen stinga.
- 9 Den som bryt stein, kann få mein; den som høgg ved, kann koma ut i fåre.
- 10 Når øksi ikkje bit og han ei slipar eggi, då lyt han bruka dess meir magt. Men visdomen veit å vøla til.
- 11 Når ormen sting fyrr ein fær mana, hev manaren ingen fyremun.
- 12 Ord av vismanns munn er gudlege, men lipporne på dåren gløyper honom sjølv.
- 13 Dei fyrste ordi i hans munn er dårskap, og røda endar reint i arge vitløysa.
- 14 Dåren brukar mange ord, endå ingen mann veit kva som henda skal, og kva som etter hans tid henda skal, kven kann segja honom det?
- 15 Dåren møder seg med maset sitt, han som ikkje ein gong veit å gå til byen.
- 16 Usælt er du land som hev eit barn til konge, og fyrstar som held etarlag um morgonen!
- 17 Sælt er du land som hev ein adelboren konge, og fyrstar som held sine mål i rette tid på kara-vis og ei med fyll!
- 18 Når leta rår, sig bjelkarne ned, og huset lek når henderne heng. -
- 19 Til gaman held dei gilde, og vin gjev livet gleda, og pengar greider alt.
- 20 Ikkje ein gong i tankarne må du banna ein konge, og ikkje i ditt sengrom banna ein rikmann. For himmelens fuglar ber ljoden burt, og dei fløygde melder din tala.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗