이사야 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 22절
- 1 Og Herren sagde til meg: «Tak deg ei stor tavla og skriv med menneskjeskrift: Brå-herfang Snøgg-ran!
- 2 Og eg vil taka meg pålitande vitne: presten Uria og Zakarja Jeberekjason.»
- 3 Og eg gjekk inn til profetkona, og ho vart umhender og fekk ein son. Og Herren sagde til meg: «Gjev han namnet: Brå-herfang, Snøgg-ran.
- 4 For fyrr guten kann segja «far» og «mor», skal rikdomarne i Damaskus og herfanget frå Samaria berast fram for kongen i Assyria.»
- 5 Og Herren tala framleides til meg og sagde:
- 6 «Av di dette folket vanvyrder Siloahvatnet som renn so stilt, og hev sin hugnad i Resin og Remaljasonen,
- 7 sjå, difor let Herren koma yver deim det stride og velduge vatnet frå Storelvi - assyrarkongen og all hans herlegdom - og ho skal stiga yver alle trømarne og fløyma yver alle strenderne sine.
- 8 Ho skal trengja seg fram i Juda, fløda yver og breida seg og nå folk under hoka, og med sine velduge vengjer skal ho fylla ditt land, vidt og breidt, Immanuel!»
- 9 Bråka berre, de folkeslag, de skal brotna. Lyd etter, alle land langt burte! Bu dykk til strid! de skal brotna.
- 10 Legg upp råd! ho skal verta til inkjes. Gjer avtale! han skal ikkje få framgang. For med oss er Gud.
- 11 For so sagde Herren til meg, då handi hans greip meg med magt, og han vara meg imot å ganga same vegen som dette folket:
- 12 De skal ikkje kalla samansverjing alt det som dette folket kallar samansverjing, og ikkje ottast det som det ottast, og de skal ikkje skjelva.
- 13 Nei, Herren, allhers drott, skal de halda heilag, honom skal de ottast, og for honom skal de skjelva.
- 14 Han skal verta ein heilagdom og ein støytestein og ein bergstabbe til fall for båe Israels hus, ei snare og ei gildra for Jerusalems-buarne.
- 15 Og mange skal snåva og falla og skamslå seg, sitja fast i fella og verta fanga.
- 16 Legg vitnemålet umbunde og læra forsigla i hjarta åt læresveinarne mine!
- 17 Eg ventar på Herren, han som løyner si åsyn for Jakobs hus; på honom vonar eg.
- 18 Sjå, eg og borni som Herren hev gjeve meg, me er teikn og varsel i Israel frå Herren, allhers drott, som bur på Sionsfjellet.
- 19 Men når dei segjer til dykk: «Søk til draugemanarar og spåvette, som kviskrar og mullar,» so svara: «Skal ikkje eit folk søkja til sin Gud? Skal dei frega ut dei daude for dei livande?»
- 20 «Til læra, til vitnemålet!» Segjer dei ikkje soleis, skal dei vera utan morgonrode.
- 21 Dei skal flakka umkring i landet plåga og hungrande, og i sin hunger skal dei harmast og banna sin konge og sin Gud. Og dei skal skoda upp,
- 22 og dei skal skoda ned på jordi; men sjå, der er naud og natt og myrker og angest. Ut i svarte natti er dei drivne.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗