이사야 62장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 12절
- 1 For Sions skuld vil eg ikkje tegja; for Jerusalems skuld vil eg ei vera still, fyrr hennar rettferd kjem fram som solskin og hennar frelsa som brennande kyndel.
- 2 Og folki skal sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom, dei skal kalla deg med eit nytt namn, som Herrens munn skal nemna.
- 3 Du skal vera ei herleg krans i handi åt Herren, ei kongekruna i handi åt din Gud.
- 4 Du skal ikkje heita «den forlatne» lenger, og ditt land ikkje heita «øydeland», men du skal heita «ho eg hev huglagt», og landet ditt «egtevivet»; for Herren hev hugnad i deg, og landet ditt skal verta egtevigt.
- 5 Som ein ungdom giftar ei gjenta, so skal dine søner deg gifta, og som brudgomen gled seg i bruri, skal din Gud gleda seg i deg.
- 6 På murarne dine, Jerusalem, hev eg vaktmenner sett; heile dagen og heile natti skal dei aldri tegja. De som maner på Herren, unn dykk ingi ro!
- 7 Og gjev ikkje honom ro fyrr han grunnar Jerusalem og let det verta til emne for lovsong på jordi!
- 8 Herren hev svore ved si høgre hand og ved sin velduge arm: Eg skal ikkje lenger gjeva ditt korn til føda for fiendarn’ dine, og ei skal utlendingar drikka di saft, som du hev havt møda med;
- 9 nei, dei som hausta, skal eta og prisa Herren, og dei som sankar druvorne, skal drikka i mine heilage tun.
- 10 Drag ut, drag ut gjenom portarne, ryd vegen for folket, brøyt, brøyt brauti, reinsa burt steinen, lyft eit merke upp yver folki!
- 11 Høyr, Herren let det ljoma til heimsens ende: Seg til Sions dotter: Sjå, di frelsa kjem! Sjå, si løn hev han med seg, og hans vederlag gjeng fyre honom.
- 12 Og dei skal kallast «det heilage folket», «Herrens løyste»; og du sjølv skal heita «den søkte», «byen som ikkje er aud».
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗