이사야 59장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 21절
- 1 Sjå, Herrens hand er ikkje so stutt, at han ikkje kann frelsa, og øyra hans er ikkje so tunghøyrt, at det ikkje kann høyra.
- 2 Men skuldi dykkar er det som skil millom dykk og dykkar Gud, og synderne dykkar hev dult hans åsyn for dykk, so han ikkje høyrer.
- 3 For henderne dykkar er sulka med blod, og fingrarne dykkar med misgjerd; lipporne dykkar talar lygn, tunga mullar på vondt.
- 4 Ingen ropar til doms for rettferd, ingen hev ærleg rettargang. Dei lit på fåfengd og talar fals, umhender med ulukka føder dei tjon.
- 5 Orme-egg klekkjer dei ut, og kongurvev vev dei; den som et deira egg, lyt døy, og krasar du eit, kjem det fram ein orm.
- 6 Deira vevnad vert aldri til klæde, ein kann ikkje hylja seg i deira verk; deira verk er vondskaps verk, og valdsverk er i deira hender.
- 7 Deira føter er snare til vondt og snøgge til å renna ut skuldlaust blod, deira tankar er vondskaps tankar, det er vald og uferd kvar dei fer.
- 8 Fredsveg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i deira spor. Dei fer på krokute stigar, kvar som fer soleis, veit ikkje av fred.
- 9 Difor er retten langt burte frå oss, og rettferd vil ikkje koma til oss; me ventar på ljos, og so finn me myrker - på solskin, men ferdast i skugge.
- 10 Me trivlar som blinde langs vegen, me trivlar som folk utan augo; midt på dagen me snåvar som i skumingi, millom friske er me som døyande.
- 11 Me gryler alle som bjørnar, og som duvor me sukkar; me ventar på retten, men ikkje han kjem, på frelsa, men ho er langt burte frå oss.
- 12 For synderne våre mot deg er mange, og våre misgjerningar vitnar imot oss; ja, synderne våre hev me i minne, og våre misgjerningar veit me um:
- 13 Me hev falle ifrå og neitta Herren, me hev gjenge burt frå vår Gud; me hev tala um trælking og fråfall, hev teke upp og sagt ut or hjarta ljugarord.
- 14 Retten vert undantrengd, og rettferdi stend langt burte; for sanning hev snåva på tinget, og det rette vinn ikkje fram,
- 15 og sanningi vart burte, den som held seg frå vondt, vert plundra. Og Herren såg det og harmast for det ikkje fanst nokon rett.
- 16 Han såg at det ingen fanst, og han undrast at ingen greip inn. Då hjelpte honom hans arm, og hans rettferd var honom til studnad.
- 17 Han tok rettferd på seg til brynja og frelse-hjelm på sitt hovud, hemn-klæde tok han til klædnad, sveipte um seg brennhug til kåpa.
- 18 Han gjev deim att etter gjerningar, harm yver sine motmenner, attergjeld for sine fiendar, ja, øylandi skal få det att.
- 19 Og i vesterland skal dei ottast Herrens namn og i austerland hans herlegdom, for han kjem som ein innestengd foss som Herrens storm driv fram.
- 20 Og han kjem som utløysar for Sion, og for deim som snur seg frå synd i Jakob, so er Herrens ord.
- 21 Og dette er den pakt som eg på mi sida gjer med deim, segjer Herren: Min ande som er yver deg, og mine ord som eg hev lagt deg i munnen, dei skal ikkje vika frå din munn, og ikkje frå munnen åt borni dine, og ikkje heller frå munnen åt barneborni dine, segjer Herren, frå no og i all æva.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗