로그인

이사야 39장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 8절

  1. 1 Kring den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan Baladansson brev og gåva til Hizkia, då han høyrde at han hadde vore sjuk og vorte frisk att.
  2. 2 Hizkia var glad for dei kom, og han synte deim skattkammeret sitt, sylvet og gullet og kryddorne og den kostelege oljen, og heile våpnhuset sitt og alt som fanst i skattkammeri hans; det fanst ikkje den ting i hans hus og i heile hans rike som ikkje Hizkia synte deim.
  3. 3 Då kom profeten Jesaja til kong Hizkia og spurde honom: «Kva hev desse mennerne sagt, og kvar helst kom dei frå til deg?» Og Hizkia svara: «Frå eit land langt burte, frå Babel kom dei til meg.»
  4. 4 «Kva hev dei set i huset ditt?» spurde han. «Alt som i huset mitt finst hev dei set,» svara Hizkia; «det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte deim.»
  5. 5 Då sagde Jesaja til Hizkia: «Høyr ordet frå Herren, allhers drott:
  6. 6 Sjå, dagar kjem då alt som finst i huset ditt, det federne dine hev samla alt til i dag, det skal verta ført til Babel; aldri ein grand skal verta att, segjer Herren.
  7. 7 Og sume av sønerne dine, ætta frå deg, utstokne frå deg, skal takast, og dei skal verta hirdmenner i slottet åt Babel-kongen.»
  8. 8 Då sagde Hizkia til Jesaja: «Godt er Herrens ord som du hev tala.» Og han sagde framleides: «Det vert då fred og trygd so lenge eg liver.»

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗