이사야 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 26절
- 1 For sjå Herren, Allhers-Herren, skal taka burt frå Jerusalem og Juda kvar studnad og stav, kvar studnad av mat, og kvar studnad av vatn,
- 2 kjempa og stridsmann, domar og profet, spåmann og styresmann,
- 3 femtimanns-førar og vyrdingsmann, rådsherre og handverksmeister og trollkunnig mann.
- 4 Og eg skal gjeva deim unggutar til styrarar, og gutehått skal råda yver deim.
- 5 Og folket - den eine skal plåga den andre, kvar ein sin granne. Guten skal setja seg upp imot den gamle, fanten imot fagnamannen.
- 6 Når det då hender, at ein fær tak i ein annan i huset åt far hans, og segjer: «Du eig då ein klædnad, ver du styraren vår! Tak då rådvelde yver dette fallande riket!»
- 7 då skal han svara og segja: «Eg er ingen sårlækjar, i mitt hus er korkje brød eller klæde; gjer ikkje meg til styrar yver folket!»
- 8 For Jerusalem snåvar og Juda fell, av di dei i ord og gjerd stend Herren imot, og er tråssuge framfor hans herlegdoms åsyn.
- 9 Sjølve andlitssvipen deira vitnar imot deim, og liksom i Sodoma talar dei utan dulsmål um syndi si. Ve deira sjæl! For dei valdar seg sjølv ulukka.
- 10 Seg um den rettferdige at det skal ganga honom godt; frukti av si gjerning skal han njota.
- 11 Men usæl den ugudlege! honom skal det ganga ille; hans eigne gjerningar hemnar seg på honom sjølv.
- 12 Styraren yver mitt folk er eit barn, og kvinnor råder yver det. Mitt folk, førarane dine fører deg vilt, og gjer vegen du skal fara til villstig.
- 13 Herren hev stige fram, han vil føra sak, han stend og vil døma folki.
- 14 Herren held rettargang med sitt folks styresmenner og hovdingar: «De hev plundra vinhagen! Ran frå fatigmannen er i husi dykkar!
- 15 Korleis kann de soleis skamfara mitt folk og trakka dei fatige under fot?» segjer Herren, Allhers-Herren.
- 16 Og Herren segjer: «Av di Sions døtter briskar seg og gjeng med bratt nakke og spelar med augo, og gjeng og trippar og ringlar med fotringarne sine,
- 17 so skal Herren gjera kruna skurvut på Sions døtter, og Herren skal nækja deira blygsla.
- 18 På den dagen tek Herren frå deim all stasen deira: Fotringar, panneband, halssylgjor,
- 19 øyredobbor, armband, slør,
- 20 hovudpryda, fotkjedor, belte, lukteflaskor, amulettar,
- 21 fingergull, naseringar,
- 22 høgtidsbunader, kåpor, kasteplagg, pungar,
- 23 speglar, serkjer, huvor, flor.
- 24 Og det skal verta illtev i staden for godange, reip i staden for belte, fleinskalle i staden for flettor, sekkjety i staden for høgtidstidsbunad og svidmerke i staden for vænleik.
- 25 Mennerne dine skal falla for sverd og kjemporne dine i krig.
- 26 Og portarne hennar skal gråta og låta, og einsleg sit ho att i gruset.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗