이사야 24장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 23절
- 1 Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne, han brigder hennar skapnad, og spreider deim som bur på henne.
- 2 Då gjeng det presten som folket, trælen som herren hans, trælkvinna som frua hennar, kjøparen som seljaren, utlånaren som lånaren, okraren som skuldmannen hans.
- 3 Tømd, ja uttømd skal jordi verta og plundra, ja plundra. For Herren hev tala dette.
- 4 Jordi fauskast og folnar, jordheimen ormegtast og armast. Storingarne på jordi ormegtast.
- 5 Og jordi er vanhelga under deira føter som bur der. For dei hev brote loverne, rengt retten, brote den ævelege pakti.
- 6 Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt ibuarane. Difor vert jordbuarne brende burt, so få folk vert leivde.
- 7 Druvesafti tek skade, vintreet visnar; sukka lyt alle hjarteglade.
- 8 Det er slutt med den glade ljod av trummor og slutt med ståket av deim som jublar. Det er slutt med gleda ved klangen av cither.
- 9 Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir; beisk er drykken for deim som drikk.
- 10 Nedbroten er den aude byen; stengt er kvart hus, so ingen kann ganga inn.
- 11 Dei skrik på gatorne yver vinen, all gleda er burte, landlyst er gaman or landet.
- 12 Berre øyding er leivd i byen, og porten ligg krasa i røys.
- 13 For soleis skal det ganga til midt millom folki på jord, liksom når oljeber vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi.
- 14 Dei, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom skal dei frå havet fegnast.
- 15 «Æra difor Herren, de i Austerland, namnet åt Herren, Israels Gud, de på havsens øyar.»
- 16 Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsong: «Æra vere den rettferdige!» Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja ransmenner gjer ran.
- 17 Gruv og grav og gildra yver deg, du som bur på jordi!
- 18 Og det skal henda at den som flyr for det gruvelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i gildra. For himmelslusorne er opna, og grunnvollarne åt jordi skjelv.
- 19 Jordi brest og knest, jordi rivnar og klovnar, jordi skjek og skjelv.
- 20 Skjangla skal jordi som drukken mann, svaga som eit gjætarskjol, misgjerdi hennar skal tyngja henne ned, og ho skal falla og ikkje reisa seg meir.
- 21 Og det skal henda på den dagen at Herren skal heimsøkja høgheimsheren i høgdom og jordkongarne nedpå jordi,
- 22 og dei skal sankast som fangar i hola og setjast fast i fangehuset, og etter mange dagar skal dei få si straff.
- 23 Og månen skal blygjast og soli skjemmast. For Herren, allhers drott, råder på Sionsfjellet og i Jerusalem, og framfor augo på hans styresmenner er det herlegdom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗