로그인

이사야 18장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 이사야 (Isaiah) · 7절

  1. 1 Høyr, du land med dei surrande vengjer, du land burtanfor elvarne i Ætiopia,
  2. 2 du som hev sendt bodberarar yver havet, og i røyrbåtar yver vatnet! Gakk av stad, de snøgge sendemenner, til det røslege folket med glansande hud, til folket som dei ottast vida ikring, det sterke og sigersæle folket i det landet som vert gjenomskore av elvar!
  3. 3 Alle de som i heimsringen byggjer og på jordi bur: Når dei reiser merke på fjelli, so sjå til, og når luren ljomar, so høyr etter!
  4. 4 For so hev Herren sagt til meg: Logn vil eg skoda ned frå min bustad, liksom soli gløder ned um sumaren, og liksom skyi sender dogg i den heite skurdtidi.
  5. 5 For fyrr hausten er inne, just då blømingi er til ende, og blomen fer til å mognast til druva, då skal han skjera av rankorne med hagesigden og hogga renningarne burt.
  6. 6 Dei skal alle saman verta gjevne åt rovfuglarne på fjelli og åt dyri i marki; rovfuglarne skal der hava reiri sine um sumaren, og alle dyr på marki skal hava sitt tilhald der um vinteren.
  7. 7 På den tidi skal det berast gåvor fram til Herren, allhers drott, frå det røslege folket med glansande hud, frå folket som dei ottast vida ikring, det sterke og sigersæle folket i det landet som vert gjenomskore av elvar - til den staden der namnet åt Herren, allhers drott, bur, til Sionsfjellet.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗