요한일서 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한일서 (1 John) · 29절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Mine born! Dette skriv eg til dykk so de ikkje skal synda, og um nokon syndar, so hev me hjå Faderen ein målsmann, Jesus Kristus, den rettferdige, | My little children, these things write I unto you, that ye sin not. And if any man sin, we have an advocate with the Father, Jesus Christ the righteous: |
| 2 | og han er ei soning for synderne våre, og ikkje berre for våre, men og for alle i heile verdi. | And he is the propitiation for our sins: and not for ours only, but also for the sins of the whole world. |
| 3 | Og på dette veit me at me kjenner honom: um me held bodi hans. | And hereby we do know that we know him, if we keep his commandments. |
| 4 | Den som segjer: «Eg kjenner honom», og ikkje held bodi hans, han er ein ljugar, og i honom er ikkje sanningi. | He that saith, I know him, and keepeth not his commandments, is a liar, and the truth is not in him. |
| 5 | Men den som held ordet hans, i honom er i sanning kjærleiken til Gud fullkomen. På dette kjenner me at me er i honom. | But whoso keepeth his word, in him verily is the love of God perfected: hereby know we that we are in him. |
| 6 | Den som segjer at han er i honom, han er og skuldig til å ferdast so som han hev ferdast. | He that saith he abideth in him ought himself also so to walk, even as he walked. |
| 7 | De kjære! det er ikkje eit nytt bod eg skriv åt dykk, men eit gamalt bod, som de hev havt ifrå upphavet. Det gamle bodet er det ordet de hev høyrt ifrå upphavet. | Brethren, I write no new commandment unto you, but an old commandment which ye had from the beginning. The old commandment is the word which ye have heard from the beginning. |
| 8 | Og like vel er det eit nytt bod eg skriv åt dykk, og det er sant i honom og i dykk; for myrkret kverv burt, og det sanne ljoset skin alt no. | Again, a new commandment I write unto you, which thing is true in him and in you: because the darkness is past, and the true light now shineth. |
| 9 | Den som segjer at han er i ljoset, og som hatar bror sin, han er endå i myrkret. | He that saith he is in the light, and hateth his brother, is in darkness even until now. |
| 10 | Den som elskar bror sin, han er i ljoset, og i honom finst det ikkje noko som fører til fall. | He that loveth his brother abideth in the light, and there is none occasion of stumbling in him. |
| 11 | Men den som hatar bror sin, han er i myrkret og ferdast i myrkret, og han veit ikkje kvar han gjeng; for myrkret hev blinda augo hans. | But he that hateth his brother is in darkness, and walketh in darkness, and knoweth not whither he goeth, because that darkness hath blinded his eyes. |
| 12 | Eg skriv til dykk, born, for synderne er dykk forlatne for hans namn skuld. | I write unto you, little children, because your sins are forgiven you for his name’s sake. |
| 13 | Eg skriv til dykk, feder, for de kjenner honom som er frå upphavet. Eg skriv til dykk, ungdomar, for de hev sigra yver den vonde. | I write unto you, fathers, because ye have known him that is from the beginning. I write unto you, young men, because ye have overcome the wicked one. I write unto you, little children, because ye have known the Father. |
| 14 | Eg hev skrive til dykk, born, for de kjenner Faderen. Eg hev skrive til dykk, feder, for de kjenner honom som er frå upphavet. Eg hev skrive til dykk, ungdomar, for de er sterke, og Guds ord vert verande i dykk, og de hev sigra yver den vonde. | I have written unto you, fathers, because ye have known him that is from the beginning. I have written unto you, young men, because ye are strong, and the word of God abideth in you, and ye have overcome the wicked one. |
| 15 | Elska ikkje verdi, og ikkje dei ting som er i verdi! Um nokon elskar verdi, so er ikkje kjærleiken til Faderen i honom. | Love not the world, neither the things that are in the world. If any man love the world, the love of the Father is not in him. |
| 16 | For alt det som er i verdi: kjøtslyst og augnelyst og storlæte i livnad, det er ikkje av Faderen, men av verdi. | For all that is in the world, the lust of the flesh, and the lust of the eyes, and the pride of life, is not of the Father, but is of the world. |
| 17 | Og verdi og hennar lyst forgjengst; men den som gjer Guds vilje, han vert verande til æveleg tid. | And the world passeth away, and the lust thereof: but he that doeth the will of God abideth for ever. |
| 18 | Born! Det er den siste timen; og som de hev høyrt at Antikrist kjem, so er no mange anti-kristar komne, og på det skynar me at det er den siste timen. | Little children, it is the last time: and as ye have heard that antichrist shall come, even now are there many antichrists; whereby we know that it is the last time. |
| 19 | Dei er gjengne ut ifrå oss, men dei var ikkje av oss; for hadde dei vore av oss, so hadde dei vorte verande hjå oss; men det skulde verta synbert at ikkje alle er av oss. | They went out from us, but they were not of us; for if they had been of us, they would no doubt have continued with us: but they went out, that they might be made manifest that they were not all of us. |
| 20 | Og de hev salving av den Heilage og veit alt. | But ye have an unction from the Holy One, and ye know all things. |
| 21 | Eg skreiv ikkje til dykk av di de ikkje kjenner sanningi, men av di de kjenner henne, og veit at all lygn ikkje er av sanningi. | I have not written unto you because ye know not the truth, but because ye know it, and that no lie is of the truth. |
| 22 | Kven er ljugaren, utan han som neittar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som neittar Faderen og Sonen. | Who is a liar but he that denieth that Jesus is the Christ? He is antichrist, that denieth the Father and the Son. |
| 23 | Kvar den som neittar Sonen, han hev ikkje Faderen heller; den som vedkjennest Sonen, han hev og Faderen. | Whosoever denieth the Son, the same hath not the Father: [but] he that acknowledgeth the Son hath the Father also. |
| 24 | Lat det då verta verande i dykk, det som de høyrde frå upphavet; dersom det de høyrde frå upphavet, vert verande i dykk, so vert de og verande i Sonen og i Faderen. | Let that therefore abide in you, which ye have heard from the beginning. If that which ye have heard from the beginning shall remain in you, ye also shall continue in the Son, and in the Father. |
| 25 | Og dette er den lovnaden som han lova oss: det ævelege livet. | And this is the promise that he hath promised us, even eternal life. |
| 26 | Dette hev eg skrive til dykk um deim som dårar dykk. | These things have I written unto you concerning them that seduce you. |
| 27 | Og den salving de fekk av honom, ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon skal læra dykk noko; men liksom salvingi hans lærer dykk alt, so er det og sant og slett ikkje lygn; og vert verande i honom, so som ho lærde dykk! | But the anointing which ye have received of him abideth in you, and ye need not that any man teach you: but as the same anointing teacheth you of all things, and is truth, and is no lie, and even as it hath taught you, ye shall abide in him. |
| 28 | Og no, born, ver i honom, so me kann hava frimod når han vert openberra, og ikkje verta til skammar for honom i hans tilkoma! | And now, little children, abide in him; that, when he shall appear, we may have confidence, and not be ashamed before him at his coming. |
| 29 | Veit de at han er rettferdig, so skynar de at kvar den som gjer rettferd, er fødd av honom. | If ye know that he is righteous, ye know that every one that doeth righteousness is born of him. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL