요한계시록 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한계시록 (Revelation) · 27절
- 1 Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord; for den fyrste himmelen og den fyrste jordi hadde kvorve burt, og havet er ikkje meir.
- 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, stiga ned ifrå himmelen frå Gud, budd som ei brur som er prydd for brudgomen sin.
- 3 Og eg høyrde ei høg røyst frå kongsstolen, som sagde: «Sjå, Guds bustad er hjå menneski, og han skal bu hjå deim; og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå deim og vera deira Gud.
- 4 Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.»
- 5 Og han som sat på kongsstolen, sagde: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han segjer til meg: «Skriv! for desse ordi er truverdige og sanne.»
- 6 Og han sagde til meg: «Det er gjort. Eg er A og Å, upphavet og enden. Eg vil gjeva den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.
- 7 Den som sigrar, skal erva alle ting, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
- 8 Men dei som er ræddhuga og vantruande og styggjelege og manndråparar og horkarar og trollmenner og avgudsdyrkarar og alle ljugarar, deira lut skal vera i sjøen som brenn med eld og svåvel; det er den andre dauden.»
- 9 Og ein av dei sju englarne som hadde dei sju skålerne, fyllte med dei sju siste plågorne, kom til meg og tala med meg og sagde: «Kom, eg skal visa deg bruri, vivet til Lambet!»
- 10 Og han førde meg i åndi burt på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen Jerusalem, som steig ned frå himmelen frå Gud.
- 11 Han hadde Guds herlegdom, og hans ljos var som av den kostelegaste stein, som krystallblank jaspis.
- 12 Og han hadde ein stor og høg mur, han hadde tolv portar, og på portarne tolv englar og innskrivne namn, som er namni på dei tolv ætter av Israels born:
- 13 mot aust tri portar, mot nord tri portar, mot sud tri portar, mot vest tri portar.
- 14 Og muren um byen hadde tolv grunnsteinar, og på deim namni på dei tolv apostlar åt Lambet.
- 15 Og han som tala med meg, hadde ei gullrøyr til å mæla byen og portarne og muren hans.
- 16 Og byen ligg i ein firkant, og lengdi på honom er so stor som breiddi. Og han mælte byen med røyri: tolv tusund stadier; lengd og breidd og høgd på honom er like.
- 17 Og han mælte muren um honom: eit hundrad og fire og fyrti alner, etter eit menneskjemål, som og er engle-mål.
- 18 Og muren var bygd av jaspis, og byen var av reint gull, lik reint glas.
- 19 Og grunnsteinarne i bymuren var prydde med allslag dyre steinar: den fyrste grunnsteinen var jaspis, den andre safir, den tridje kalcedon, den fjorde smaragd,
- 20 den femte sardonyx, den sette sarder, den sjuande krysolit, den åttande beryll, den niande topas, den tiande krysopras, den ellevte hyacint, den tolvte ametyst.
- 21 Og dei tolv portarne var tolv perlor; kvar ein av portarne var av ei perla, og gata i byen var reint gull som klårt glas.
- 22 Og eg såg ikkje noko tempel i honom; for hans tempel er Herren, Gud den allmegtige, og Lambet.
- 23 Og byen treng ikkje soli eller månen til å skina åt seg; for Guds herlegdom upplyser honom, og Lambet er hans ljos.
- 24 Og folki skal ferdast i hans ljos, og kongarne på jordi ber sin herlegdom til honom.
- 25 Og hans portar skal aldri verta stengde um dagen; for natt skal ikkje vera der.
- 26 Og dei skal bera herlegdomen og æra frå folki til honom.
- 27 Og inkje ureint skal koma inn i honom, og ingen som fer med styggedom og lygn; berre dei som er innskrivne i livsens bok hjå Lambet.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗