로그인

요한계시록 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한계시록 (Revelation) · 21절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 Og eg høyrde ei høg røyst frå templet, som sagde til dei sju englarne: «Gakk og tøm dei sju skålerne med Guds vreide ut på jordi!» And I heard a great voice out of the temple saying to the seven angels, Go your ways, and pour out the vials of the wrath of God upon the earth.
2 Og den fyrste gjekk og tømde si skål på jordi; og det kom ein vond og våleg svoll på dei menneskje som hadde merket åt dyret, og som tilbad bilætet av det. And the first went, and poured out his vial upon the earth; and there fell a noisome and grievous sore upon the men which had the mark of the beast, and upon them which worshipped his image.
3 Og den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein daud mann, og kvar livande sjæl i havet døydde. And the second angel poured out his vial upon the sea; and it became as the blood of a dead man: and every living soul died in the sea.
4 Og den tridje engelen tømde si skål i elvarne og vatskjeldorne, og det vart til blod. And the third angel poured out his vial upon the rivers and fountains of waters; and they became blood.
5 Og eg høyrde engelen yver vatni segja: «Rettferdig er du som er og som var, du heilage, at du hev halde slik dom. And I heard the angel of the waters say, Thou art righteous, O Lord, which art, and wast, and shalt be, because thou hast judged thus.
6 For blod av heilage og av profetar rende dei ut, og blod gav du deim å drikka; for dei er det verde.» For they have shed the blood of saints and prophets, and thou hast given them blood to drink; for they are worthy.
7 Og eg høyrde altaret segja: «Ja, Herre Gud, du allmegtige! Sanne og rettferdige er dine domar!» And I heard another out of the altar say, Even so, Lord God Almighty, true and righteous are thy judgments.
8 Og den fjorde engelen tømde si skål på soli, og ho fekk magt til å brenna menneski med eld. And the fourth angel poured out his vial upon the sun; and power was given unto him to scorch men with fire.
9 Og menneski vart brende av stor hite, og dei spotta Guds namn, hans som hev magt yver desse plågorne, og dei vende ikkje um, so dei gav honom æra. And men were scorched with great heat, and blasphemed the name of God, which hath power over these plagues: and they repented not to give him glory.
10 Og den femte engelen tømde si skål yver kongsstolen til dyret; og riket til det vart formyrkt, og dei togg tungorne sine av pinsla, And the fifth angel poured out his vial upon the seat of the beast; and his kingdom was full of darkness; and they gnawed their tongues for pain,
11 og dei spotta Gud i himmelen for pinslorne sine og svollarne sine, og vende ikkje um frå sine gjerningar. And blasphemed the God of heaven because of their pains and their sores, and repented not of their deeds.
12 Og den sette engelen tømde si skål i den store elvi Eufrat, og vatnet hennar turka upp, so vegen skulde verta rudd for kongarne frå Austerland. And the sixth angel poured out his vial upon the great river Euphrates; and the water thereof was dried up, that the way of the kings of the east might be prepared.
13 Og eg såg at det or munnen på draken og or munnen på dyret og or munnen på den falske profeten kom ut tri ureine ånder liksom paddor. And I saw three unclean spirits like frogs come out of the mouth of the dragon, and out of the mouth of the beast, and out of the mouth of the false prophet.
14 For dei er djevle-ånder som gjer teikn, og dei gjeng ut til kongarne i heile mannheimen til å sanka deim saman til striden på den store dagen åt Gud den allmegtige. For they are the spirits of devils, working miracles, which go forth unto the kings of the earth and of the whole world, to gather them to the battle of that great day of God Almighty.
15 Sjå, eg kjem som ein tjuv! Sæl er den som vaker og vaktar klædi sine, so han ikkje skal ganga naken, og dei skal sjå hans skam! Behold, I come as a thief. Blessed is he that watcheth, and keepeth his garments, lest he walk naked, and they see his shame.
16 Og han førde deim saman til den stad som heiter på hebraisk Harmageddon. And he gathered them together into a place called in the Hebrew tongue Armageddon.
17 Og den sjuande engelen tømde si skål i lufti, og ei høg røyst kom ut frå templet i himmelen, frå kongsstolen, og sagde: «Det er gjort!» And the seventh angel poured out his vial into the air; and there came a great voice out of the temple of heaven, from the throne, saying, It is done.
18 Og der kom ljoneldar og røyster og toredunar, og det vart ein stor jordskjelv, ein slik at det, alt sidan menneskja vart til på jordi, ikkje hev vore ein sovoren jordskjelv, so stor. And there were voices, and thunders, and lightnings; and there was a great earthquake, such as was not since men were upon the earth, so mighty an earthquake, and so great.
19 Og den store byen vart kløyvd i tri partar, og byarne åt folki fall, og Babylon, den store, vart ihugkomi for Gud, at han skulde gjeva henne skåli med vinen av sin strenge vreide. And the great city was divided into three parts, and the cities of the nations fell: and great Babylon came in remembrance before God, to give unto her the cup of the wine of the fierceness of his wrath.
20 Og kvar øy kvarv burt, og fjell vart ikkje funne. And every island fled away, and the mountains were not found.
21 Og stort hagl, som hundrad pund tungt, fall ned frå himmelen på menneski, og menneski spotta Gud for plåga av haglet; for den plåga var ovleg stor. And there fell upon men a great hail out of heaven, every stone about the weight of a talent: and men blasphemed God because of the plague of the hail; for the plague thereof was exceeding great.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL