요한계시록 14장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한계시록 (Revelation) · 20절
- 1 Og eg såg, og sjå: Lambet stod på Sionsfjellet og med det hundrad og fire og fyrti tusund, som hadde dess namn og dess Faders namn skrive på panna.
- 2 Og eg høyrde ei røyst frå himmelen liksom ljoden av mange vatn og som ljoden av sterk tora, og eg høyrde ljod av harpespelarar som spela på harporne sine.
- 3 Og dei song ein ny song framfor kongsstolen og for dei fire livendi og dei eldste; og ingen kunde læra songen, utan dei hundrad og fire og fyrti tusund, dei som er kjøpte frå jordi.
- 4 Desse er dei som ikkje hev gjort seg ureine med kvende; for dei er som møyar. Desse er dei som fylgjer Lambet kvar helst det gjeng. Desse er kjøpte frå menneski til ei fyrstegrøda for Gud og Lambet,
- 5 og i deira munn er ikkje funne svik; for dei er utan lyte.
- 6 Og eg såg ein annan engel fljuga under det høgste av himmelen; han hadde eit ævelegt evangelium å forkynna deim som bur på jordi og alle folk og ætter og tungemål og landslydar,
- 7 og han sagde med høg røyst: «Ottast Gud og gjev honom æra! for timen til hans dom er komen; og tilbed honom som gjorde himmelen og jordi og havet og vatskjeldorne!»
- 8 Og endå ein annan engel fylgde etter og sagde: «Falli, falli er Babylon, den store, ho som hev skjenkt alle folki av sin hordoms vreide-vin.»
- 9 Og endå ein tridje engel fylgde etter deim og sagde med høg røyst: «Dersom nokon tilbed dyret og bilætet av det og tek merket på panna si eller på handi si,
- 10 so skal han og drikka av Guds vreide-vin, som er skjenkt ublanda i hans harms skål, og han skal verta pint med eld og svåvel for augo på dei heilage englar og Lambet.
- 11 Og røyken av pinsla deira stig upp i all æva, og dei hev ikkje kvila dag eller natt, dei som tilbed dyret og bilætet av det, og kvar ein som tek namnemerket til det.»
- 12 Her er tolmodet til dei heilage, dei som held Guds bod og trui på Jesus.
- 13 Og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sagde: «Skriv: Sæle er dei daude som døyr i Herren heretter! Ja, segjer Anden, dei skal kvila frå arbeidet sitt, for gjerningarne deira fylgjer med deim.»
- 14 Og eg såg, og sjå: ei kvit sky, og på skyi sat ein som var lik ein menneskjeson, og han hadde ei gullkruna på hovudet og ein kvass sigd i handi.
- 15 Og ein annan engel kom ut or templet og ropa med høg røyst til honom som sat på skyi: «Send ut sigden din og skjer! for timen til skurden er komen; for jordi er mogi til skurd.»
- 16 Og han som sat på skyi, let sigden sin fara yver jordi, og jordi vart skori.
- 17 Og ein annan engel kom ut or templet i himmelen, og han hadde ein kvass sigd, han og.
- 18 Og endå ein annan engel kom ut frå altaret, og han hadde magt yver elden og ropa med høg røyst til honom som hadde den kvasse sigden: «Send ut den kvasse sigden din og skjer druvorne av vintreet på jordi; for beri på det er mogne!»
- 19 Og engelen let sigden sin fara yver jordi og skar frukti av vintreet på jordi og kasta henne i den store vinpersa til Guds vreide.
- 20 Og vinpersa vart trødd utanfor byen, og det gjekk blod ut frå persa heilt upp til beisli på hestarne, so langt som tusund og seks hundrad stadier.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗