예레미야 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 예레미야 (Jeremiah) · 30절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Fly, de Benjamins-søner, ut or Jerusalem, og blås i herlur i Tekoa, og reis upp eit merke yver Bet-Hakkerem! for ei ulukka trugar nordantil med stor øydeleggjing. | O ye children of Benjamin, gather yourselves to flee out of the midst of Jerusalem, and blow the trumpet in Tekoa, and set up a sign of fire in Beth–haccerem: for evil appeareth out of the north, and great destruction. |
| 2 | Den fagre og kjælne, Sions dotter, henne tyner eg. | I have likened the daughter of Zion to a comely and delicate woman. |
| 3 | Til henne skal hyrdingar koma med hjorderne sine; dei slær upp tjeld rundt kringum henne, dei beiter av kvar sitt stykke. | The shepherds with their flocks shall come unto her; they shall pitch their tents against her round about; they shall feed every one in his place. |
| 4 | Vigsla dykk til strid mot henne! Statt upp og lat oss draga upp høgst å dag! Usæle me! For det lid på dagen, og kveldskuggarne lengjest. | Prepare ye war against her; arise, and let us go up at noon. Woe unto us! for the day goeth away, for the shadows of the evening are stretched out. |
| 5 | Statt upp og lat oss draga upp um natti, og lat oss leggja hennar borghaller øyde! | Arise, and let us go by night, and let us destroy her palaces. |
| 6 | For so segjer Herren, allhers drott: Hogg tre og kasta upp ein voll mot Jerusalem! Det er byen som skal verta heimsøkt; han er fullsett med vondskap all igjenom. | For thus hath the Lord of hosts said, Hew ye down trees, and cast a mount against Jerusalem: this is the city to be visited; she is wholly oppression in the midst of her. |
| 7 | Likeins som brunnen let vatn vella fram, soleis let han sin vondskap vella fram. Valdsverk og tjon høyrest der, sår og slag er stødt framfor mi åsyn. | As a fountain casteth out her waters, so she casteth out her wickedness: violence and spoil is heard in her; before me continually is grief and wounds. |
| 8 | Lat deg segja, Jerusalem, so mi sjæl ikkje skal venda seg frå deg, so eg ikkje skal gjera deg til ei audn, til eit ubygt land. | Be thou instructed, O Jerusalem, lest my soul depart from thee; lest I make thee desolate, a land not inhabited. |
| 9 | So segjer Herren, allhers drott: Ei attpå-sanking, liksom på eit vintre, skal dei gjera på leivningen av Israel.. | Thus saith the Lord of hosts, They shall throughly glean the remnant of Israel as a vine: turn back thine hand as a grapegatherer into the baskets. |
| 10 | Kven skal eg tala til og vitna for, so dei høyrer? Sjå, øyra deira er u-umskore so dei ikkje kann gjeva gaum; sjå, Herrens ord er vorte til spott bland deim, dei likar det ikkje, | To whom shall I speak, and give warning, that they may hear? behold, their ear is uncircumcised, and they cannot hearken: behold, the word of the Lord is unto them a reproach; they have no delight in it. |
| 11 | Men eg er full av Herrens harm, eg er utmødd av å halda honom inne. . | Therefore I am full of the fury of the Lord; I am weary with holding in: I will pour it out upon the children abroad, and upon the assembly of young men together: for even the husband with the wife shall be taken, the aged with him that is full of days. |
| 12 | Og husi deira skal koma i annan manns eige, deira jorder og konor like eins. For eg vil retta ut mi hand mot deim som bur i landet, segjer Herren. | And their houses shall be turned unto others, with their fields and wives together: for I will stretch out my hand upon the inhabitants of the land, saith the Lord. |
| 13 | For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning; både profet og prest, kvar ein fer med svik. | For from the least of them even unto the greatest of them every one is given to covetousness; and from the prophet even unto the priest every one dealeth falsely. |
| 14 | Og dei fer lettvint åt med å lækja mitt folks skade, med di dei segjer: «Fred, fred!» endå det ingen fred er. | They have healed also the hurt of the daughter of my people slightly, saying, Peace, peace; when there is no peace. |
| 15 | Dei skal standa til skammar; for dei hev gjort skjemdarverk. Men dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell, den tid eg heimsøkjer deim, skal dei snåva, segjer Herren. | Were they ashamed when they had committed abomination? nay, they were not at all ashamed, neither could they blush: therefore they shall fall among them that fall: at the time that I visit them they shall be cast down, saith the Lord. |
| 16 | So sagde Herren: Statt på vegarne og sjå etter og spør etter dei gamle stigarne, kvar vegen til det gode er, og ferdast so på den, so skal de finna kvild for sjælerne dykkar. Men dei sagde: «Me vil ikkje ferdast på honom.» | Thus saith the Lord, Stand ye in the ways, and see, and ask for the old paths, where is the good way, and walk therein, and ye shall find rest for your souls. But they said, We will not walk therein. |
| 17 | Og eg sette vaktmenner yver dykk og sagde: «Lyd vel etter lurljomen!» Men dei sagde: «Me vil ikkje lyda etter.» | Also I set watchmen over you, saying, Hearken to the sound of the trumpet. But they said, We will not hearken. |
| 18 | Difor høyr, de folk, og få vit på, du lyd, kva som i deim bur. | Therefore hear, ye nations, and know, O congregation, what is among them. |
| 19 | Høyr det, du jord: sjå, eg fører ulukka yver dette folk - den grøda deira løynderåder hev bore - for dei hev ikkje gjeve gaum etter mine ord, og loverne mine mismætte dei. | Hear, O earth: behold, I will bring evil upon this people, even the fruit of their thoughts, because they have not hearkened unto my words, nor to my law, but rejected it. |
| 20 | Kva skal eg med røykjelse som kjem frå Sjeba, og med den beste kalmus frå eit land langt burte? Brennofferi dykkar er ikkje til hugnad, og slagtofferi hev eg ikkje hug på. | To what purpose cometh there to me incense from Sheba, and the sweet cane from a far country? your burnt offerings are not acceptable, nor your sacrifices sweet unto me. |
| 21 | Difor, so segjer Herren: Sjå, eg legg støytesteinar for dette folket, og feder og søner saman skal snåva på deim, granne med granne skal verta tynt. | Therefore thus saith the Lord, Behold, I will lay stumblingblocks before this people, and the fathers and the sons together shall fall upon them; the neighbour and his friend shall perish. |
| 22 | So segjer Herren: Sjå, eit folk kjem frå Norderlandet, ei stor tjod ris upp frå utkanten av jordi. | Thus saith the Lord, Behold, a people cometh from the north country, and a great nation shall be raised from the sides of the earth. |
| 23 | Um boge og spjot held dei traust, illharde er dei og syner ikkje miskunn. Røysti deira marmar som havet, og på hestar kjem dei ridande, budde som menner til strid mot deg, du dotter Sion. | They shall lay hold on bow and spear; they are cruel, and have no mercy; their voice roareth like the sea; and they ride upon horses, set in array as men for war against thee, O daughter of Zion. |
| 24 | Me hev fenge fretnader um deim, magtstolne seig våre hender; me tok fæla, fekk flagor som kvinna i føderider. | We have heard the fame thereof: our hands wax feeble: anguish hath taken hold of us, and pain, as of a woman in travail. |
| 25 | Gakk ikkje ut på marki og ferdast ikkje på vegen! For fienden hev sverd; rædsla rundt ikring. | Go not forth into the field, nor walk by the way; for the sword of the enemy and fear is on every side. |
| 26 | Du dotter, mitt folk, gyrd deg med sekk og velt deg i oska, set i syrgjelæte som yver ein einberning, øya deg sårt! For brått kjem tynaren yver oss. | O daughter of my people, gird thee with sackcloth, and wallow thyself in ashes: make thee mourning, as for an only son, most bitter lamentation: for the spoiler shall suddenly come upon us. |
| 27 | Eg hev sett deg til ransakar hjå mitt folk - til ei borg - so du skal kjenna og ransaka deira veg. | I have set thee for a tower and a fortress among my people, that thou mayest know and try their way. |
| 28 | Alle saman er dei fråfalne og stridige; dei gjeng og baktalar, dei er kopar og jarn; alle saman fer dei med tyning og tjon. | They are all grievous revolters, walking with slanders: they are brass and iron; they are all corrupters. |
| 29 | Smidjebelgen hev blåse, men av elden kjem berre bly; til fåfengs var den reinsande smelting, og dei vonde vart ikkje utskilde. | The bellows are burned, the lead is consumed of the fire; the founder melteth in vain: for the wicked are not plucked away. |
| 30 | «Sylv som er vanda» kallar dei deim, for Herren hev vanda deim. | Reprobate silver shall men call them, because the Lord hath rejected them. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL