로그인

예레미야 47장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 예레미야 (Jeremiah) · 7절

  1. 1 Herrens ord som kom til profeten Jeremia um filistarane, fyrr Farao vann Gaza.
  2. 2 So segjer Herren: Sjå, vatn kjem upp-strøymande nordantil og vert til ei elv som fløder yver. Og dei fløder yver land og det som i deim er, yver byar og deim som i deim bur, so folket ropar høgt, og alle som bur i landet barmar seg.
  3. 3 Når det dyn av hovslagi av hans sterke hestar, når hans vogner skaldrar, når hans hjul skjell, då ser ikkje federne seg um etter borni, so hugstolne er dei.
  4. 4 Det veld den dagen som kjem og tyner alle filistarane og ryd ut for Tyrus og Sidon alle undankomne som kunde hjelpa. For Herren tyner filistarane, leivningen frå Kaftorøyi.
  5. 5 Fleinskalla er Gaza vorte, i øyde lagt er Askalon, det som er att av dalen deira; - kor lenge vil du rispa deg i holdet?
  6. 6 Ai, ei, du Herrens sverd! Kor lenge skal du hava det so annvint? Drag deg atter inn i slira di, haldt deg i ro og ver still!
  7. 7 Kor kunde du få kvila deg, sidan Herren hev gjeve deg påbod? Til Askalon og til Havstrandi, dit hev han etla deg.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗