예레미야 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 예레미야 (Jeremiah) · 31절
- 1 Um du vender um, Israel, segjer Herren, då skal du få venda attende til meg, og um du hev dine styggjor burt frå mi åsyn, skal du ikkje ljota liva i fredløysa.
- 2 Og um du sver: «So sant som Herren liver,» i sanning, med rett og rettferd, då skal heidningfolk velsigna seg i honom og rosa seg i honom.
- 3 For so segjer Herren med Juda-mennerne og med Jerusalem: Brjot dykk nybrot, og så ikkje millom klunger!
- 4 Umskjer dykk for Herren, og tak burt dykkar hjartans fyrehud, de Juda-menner og Jerusalems-buar, so at harmen min ikkje skal fara ut som eld og brenna so ingen kann sløkkja, for dykkar vonde verk skuld.
- 5 Kunngjer i Juda og send bod til Jerusalem og seg: «Blås i lur i landet!» Ropa alt med de vinn, og seg: «Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste borger!»
- 6 Set upp hermerke burtåt Sion! Fly undan, stana ikkje! For eg let ulukka koma frå nord med stort tjon.
- 7 Ei løva hev rise upp or kjørri si, og ein folke-tynar hev teke ut, er faren heimanfrå og vil gjera landet ditt til ei audn; byarne dine vert lagde i øyde so ingen bur der.
- 8 Gyrd dykk difor i sekk, barma dykk og øya dykk! For Herrens brennande vreide hev ikkje vendt seg frå oss.
- 9 Og den dagen, segjer Herren, skal kongen og hovdingarne standa rådlause, prestarne skal ræddast og profetarne verta vitskræmde.
- 10 Då sagde eg: «Å, Herre, Herre! Ille hev du svike dette folk og Jerusalem då du sagde: «Fred skal de hava» - og no gjeng sverd inn til sjæli.»
- 11 I den tidi skal det verta sagt med dette folk og med Jerusalem: Ein glodheit vind frå snaudkollarne i øydemarki kjem imot mitt folks dotter, ikkje til å kasta korn med og ikkje til å dryfta med.
- 12 Ein vind, sterkare enn til slikt, vil eg lata koma; no vil eg og segja domen mot deim.
- 13 Sjå, lik skyer kjem han upp farande, og lik eit stormver er hans vogner, fljotare enn ørnar er hans hestar: Usæle me! Det er ute med oss.
- 14 Två vondskapen av ditt hjarta, Jerusalem, so du kann verta frelst. Kor lenge skal dine synduge tankar bu i ditt brjost?
- 15 For ei røyst kjem med tiend frå Dan og med usæle-bod frå Efraimsheidi.
- 16 Lat folki få vita det, sjå til og lat Jerusalem få høyra det; umlægringsmenner kjem frå eit land langt undan og set i og ropar mot byarne i Juda.
- 17 Likeins som markevaktarar sit dei og gjæter på henne rundt ikring; for mot meg hev ho vore tråssug, segjer Herren.
- 18 Di åtferd og dine gjerningar hev valda deg dette; dette hev du for vondskapen din, at det er beiskt, at det gjeng alt inn til ditt hjarta.
- 19 Å bringa mi, bringa mi! Eg skjelv av verk, hjarteverk. Mitt hjarta bankar i meg, eg kann ikkje tegja. For lurljom, herrop hev du høyrt, mi sjæl.
- 20 Tjon på tjon vert det ropa, for alt landet er i øyde lagt; dåtteleg er tjeldi mine øydelagde, i ein augneblink tjelddukarne mine.
- 21 Kor lenge skal eg sjå hermerke, høyra lurljom?
- 22 For lyden min er fåvis, meg kjenner dei ikkje; uvituge born er dei, og dei er utan skyn; vise er dei til å gjera vondt, men dei hev ikkje vit på å gjera godt.
- 23 Eg såg jordi, og sjå, ho var aud og øydi, og til himmelen såg eg, og ljoset hans var kvorve.
- 24 Eg såg fjelli, og sjå, dei bivra, og alle haugarne rugla.
- 25 Eg såg, og sjå, det fanst ikkje eit menneskje, og alle himmelens fuglar hadde floge burt.
- 26 Eg såg, og sjå, det grøderike landet var ei øydemark, og alle byarne var nedrivne av Herren, av hans brennande harm.
- 27 For so segjer Herren: Ei audn skal heile landet verta, men reint audt vil eg ikkje gjera det.
- 28 Difor skal landet syrgja og himmelen der uppe klæda seg i svart, av di eg hev sagt det, tenkt det so, og eg angrar det ikkje og gjer det ikkje um att.
- 29 For gnyen av ridarar og bogeskyttarar flyr kvar ein by; dei gjeng inn i skogarne og stig upp på hamrarne. Alle byar er folketome, ingen bur i deim.
- 30 Og du, når du vert øydelagd, kva vil du då gjera? Endå um du klæder deg i purpur og pryder deg med gull-prydnad og gjer augo dine store med sminka, so er det fåfengt at du gjer deg fager; dine elskarar vanvyrdar deg, dei stend deg etter livet.
- 31 For eg høyrer rop nett som av ei kvinna i barnsnaud, naudrop som av kvinna når ho fær fyrste barnet, rop av dotteri Sion. Ho styn, ho retter ut henderne sine: Eie meg! Sjæli mi sig vanmegtig i mordar-vald.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗