예레미야 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 예레미야 (Jeremiah) · 14절
- 1 Det ordet som kom til Jeremia frå Herren, då kong Sidkia sende honom Pashur Malkiason og presten Sefanja Ma’asejason og let segja:
- 2 «Spør Herren for oss, for Nebukadressar, Babel-kongen, strider mot oss. Kann henda Herren kunde gjera med oss etter alle sine underverk, so han fer burt ifrå oss.»
- 3 Då sagde Jeremia med deim: So skal de segja med Sidkia:
- 4 So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg snur attende dei stridsvåpn som er i henderne dykkar, og som de strider med utanfor muren mot Babel-kongen og kaldæarane, som kringset dykk, og eg vil samla deim midt i denne byen.
- 5 Og eg vil sjølv strida mot dykk med utrett hand og med sterk arm og med vreide og med harm og med stor gram.
- 6 Og eg vil slå deim som bur i denne byen, både folk og fe; i ei stor sott skal dei døy.
- 7 Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sidkia, Juda-kongen, og tenarane hans og folket og deim som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet. Og han skal slå deim med sverd-egg, han skal ikkje miskunna deim og ikkje vårkunna og ikkje tykkja synd i deim.
- 8 Og til dette folket skal du segja: So segjer Herren: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til dauden:
- 9 Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott, men den som gjeng ut og gjev seg til kaldæarane som kringset dykk, han skal liva, og han skal njota sitt liv til eit herfang.
- 10 For eg hev sett mi åsyn imot denne byen til det vonde og ikkje til det gode, segjer Herren; i henderne på Babel-kongen vert han gjeven, og han skal brenna honom upp i eld.
- 11 Og med Juda-kongens hus skal du segja: Høyr Herrens ord,
- 12 du Davids hus! So segjer Herren: Set retten kvar morgon, og berga utor valdsmanns hand den som er utplundra, so ikkje harmen min skal fara ut som eld, og brenna so ingen kann sløkkja! - for illgjerningarne dykkar.
- 13 Sjå, eg skal finna deg, du som bur i dalen, uppå berget på sletta, segjer Herren - de som segjer: «Kven kann koma ned yver oss, kven kann koma inn i bustaderne våre?»
- 14 Og eg vil heimsøkja dykk etter den frukti dykkar verk hev bore, segjer Herren, og setja eld i skogen deira, og han skal øyda alt der rundt ikring.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗