열왕기하 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 열왕기하 (2 Kings) · 25절
- 1 Den gongen Herren tok Elia upp til himmelen i ein storm, skulde Elia og Elisa på utferd frå Gilgal.
- 2 Elia sagde med Elisa: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Betel.» Men Elisa svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So for dei ned til Betel.
- 3 Profetsveinarne i Betel møtte Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, eg veit det,» svara han; «de tarv ikkje nemna det.»
- 4 Elia sagde med honom: «Elisa, ver du her! Herren hev sendt meg til Jeriko.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So kom dei til Jeriko.
- 5 Profetsveinarne i Jeriko gjekk fram til Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, vel veit eg det,» svara han; «det tarv ikkje nemna det.»
- 6 Elia sagde med honom: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Jordan.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So gjekk dei båe tvo.
- 7 Femti av profetsveinarne fylgde, og stod eit godt stykke undan, medan dei tvo stod attmed Jordan.
- 8 Elia tok kappa si, sveipte henne i hop og slo på vatnet. Då kløyvde det seg til båe kanter, so dei gjekk båe yver på turre botnen.
- 9 Då dei var komne yver, sagde Elias med Elisa: «Kva ynskjer du eg skal gjera for deg fyrr eg vert teken ifrå deg?» Elisa sagde: «Gjev ein dubbel lut av di ånd må falla på meg!»
- 10 «Det var eit storfelt ynskje,» svara han; «men fær du sjå meg medan eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»
- 11 Medan dei so heldt fram og talast ved, skimta det fram ei eldvogn med eldhestar og skilde deim frå einannan. Og so for Elia i stormveret upp til himmelen.
- 12 Elisa stod og såg på, og han ropa: «Far! far! du Israels vogner og riddarar!» So såg han ikkje meir til honom. Og han tok i klædi sine og reiv deim midt i tvo.
- 13 So tok han upp kappa åt Elia, som hadde falle av honom, snudde so og gjekk ned til elvebarden ved Jordan.
- 14 Han tok kappa åt Elia, som hadde falle av honom, og slo på vatnet med dei ordi: «Kvar er no Herren, Elias Gud?» Med same han slo på vatnet, kløyvde det seg til båe kanter, og Elisa gjekk yver.
- 15 Då profetsveinarne frå Jeriko såg dette langt undan, sagde dei: «Elias ånd kviler yver Elisa.» Dei kom imot honom og lagde seg å gruve for honom.
- 16 So sagde dei med honom: «Millom tenarane dine finn du femti sterke karar; lat deim ganga ut og leita etter herren din! Kann henda hev Herrens Ande lyft honom upp og slept honom på eitkvart fjellet eller i einkvar dalen.» Han svara: «De skal ingen senda ut.»
- 17 Men dei naudbad honom so lenge at han vart leid av det: «Send deim ut då!» sagde han. Dei sende ut femti mann, og dei leita i tri dagar, men fann honom ikkje.
- 18 Då dei kom att til honom - han heldt seg endå i Jeriko - so sagde han til deim: «Det var det eg sagde med dykk, at de skulde ikkje ganga ut.»
- 19 Byfolki og sagde til Elisa: «Denne byen ligg lageleg til, som du herre ser. Men vatnet er vondt, og landet lid av fosterskot.»
- 20 Han svara deim: «Gjev meg ei ny skål, og legg salt i henne!» Dei so gjorde.
- 21 Gjekk han so ut til uppkoma og kasta saltet nedi med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg gjer dette vatnet friskt, so det aldri meir skal valda daude og fosterskot.»»
- 22 Og vatnet vart friskt, og er det den dag i dag, soleis som Elisa hadde sagt.
- 23 Derifrå drog han upp til Betel. På vegen dit upp, kom nokre smågutar ut or byen og tok til å hæda honom og kalla honom: «Upp med deg, du snaudskalle! Upp med deg, du snaudskalle!»
- 24 Han såg seg ikring. Og då han vart var deim, lyste han våbøn yver deim i Herrens namn. Tvo binnor kom då ut or skogen og reiv sund tvo og fyrti av borni.
- 25 Derifrå gjekk han til Karmelfjellet, og derifrå attende til Samaria.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗