열왕기하 15장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 열왕기하 (2 Kings) · 38절
- 1 I det sju og tjugande styringsåret åt Israels-kongen Jerobeam vart Azarja Amasjason konge i Juda.
- 2 Sekstan år gamall var han då han vart konge, og tvo og femti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jekolja, frå Jerusalem.
- 3 Han gjorde det som rett var for Herren, plent som Amasja, far hans, hadde gjort.
- 4 Like vel vart offerhaugarne halde ved lag; folket held ved å ofra slagtoffer og brenna røykjelse på haugarne.
- 5 Herren hemsøkte kongen, so han vart spillsjuk til sin døydande dag; og han budde i eit hus for seg sjølv. Jotam, kongssonen, stod fyre kongehuset og styrde landslyden.
- 6 Det som elles er å fortelja um Azarja og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
- 7 Azarja lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Jotam, son hans, vart konge i staden hans.
- 8 I det åtte og trettiande styringsåret åt Juda-kongen Azarja vart Zakarja Jerobeamsson konge yver Israel, og rådde i Samaria i seks månader.
- 9 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom federne hans; han gav ikkje upp dei synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.
- 10 Sallum Jabesson fekk i stand ei samansverjing mot honom, og slo honom i hel medan folket såg på; so vart han konge i staden hans.
- 11 Det som elles er å fortelja um Zakarja, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
- 12 Uppfyllt vart soleis det ordet som Herren tala til Jehu: «Sønerne dine i fjorde ættleden skal sitja på Israels kongssæte.» So gjekk det.
- 13 Sallum frå Jabes vart konge i det ni og trettiande styringsåret åt Uzzia, Juda-kongen, og rådde ein månads tid i Samaria.
- 14 Då drog Menahem Gadison upp frå Tirsa til Samaria, og slo der i hel Sallum Jabesson og vart so konge i staden hans.
- 15 Det som elles er å fortelja um Sallum, og samansverjingi han fekk i stand, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
- 16 Ved den tid herja Menahem Tifsah og alt folket der i heile landviddi deira, frå Tirsa; han herja deim, av di dei ikkje hadde uppna portarne for honom; alle barnkonorne skar han upp.
- 17 I det ni og trettiande styringsåret åt Azarja, kongen i Juda, vart Menahem Gadison konge yver Israel. Ti år rådde han i Samaria.
- 18 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo alle sine dagar, og gav ikkje upp synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.
- 19 Då assyrarkongen Pul fall inn i landet, gav Menahem Pul tvo og eit halvt tusund vågar sylv for at han skulde hjelpa honom og tryggja kongedømet hans.
- 20 Dei pengarne Menahem gav assyrarkongen, fekk han inn ved skatt på alle rikmennerne i Israel: femti lodd sylv på kvar og ein. So snudde assyrarkongen att og heldt seg ikkje meir der i landet.
- 21 Det som elles er å fortelja um Menahem og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
- 22 Menahem lagde seg til kvile hjå federne sine, og Pekahja, son hans, vart konge i staden hans.
- 23 I det femtiande styringsåret åt Azarja, kongen i Juda, vart Pekahja Menahemsson konge yver Israel, og rådde tvo år i Samaria.
- 24 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og heldt ved med synderne som Jerobeam Nebatsson hadde forført Israel til.
- 25 Pekah Remaljason, hovudsmannen hans, fekk i stand ei samansverjing mot honom, og drap honom og Argob og Arje i Samaria, i sjølve kongsborgi. Han hadde femti Gileads-menner med seg; og då han hadde drepe honom, vart han konge i staden hans.
- 26 Det som elles er å fortelja um Pekahja og alt det han gjorde, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
- 27 I det tvo og femtiande styringsåret åt Azarja, kongen i Juda, vart Pekah Remaljason konge yver Israel, og rådde i Samaria i tjuge år.
- 28 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo og heldt ved med synderne åt Jerobeam Nebatsson, som han hadde forført Israel til.
- 29 I dei dagarne Pekah var konge i Israel, kom assyrarkongen Tiglat-Pileser og hertok Ijon, Abel-Bet-Ma’aka, Janoah, Kedes, Hasor, Gilead og Galilæa, heile Naftalilandet, og førde folket burt til Assyria.
- 30 Hosea Elason fekk i stand ei samansverjing mot Pekah Remaljason og slo honom i hel; so vart han konge i staden hans, i det tjugande styringsåret åt Jotam Uzziason.
- 31 Det som elles er å fortelja um Pekah og alt det han gjorde, sjå det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
- 32 I det andre styringsåret åt Israels-kongen Pekah Remaljason vart Jotam Uzziason konge i Juda.
- 33 Fem og tjuge år gamall var han då han vart konge, og sekstan år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa Sadoksdotter.
- 34 Han gjorde det som rett var for Herren liktest i all sin ferd på Uzzia, far sin.
- 35 Like vel vart offerhaugarne halde ved lag; endå ofra folket slagtoffer og brende røykjelse på haugarne. Han var det som bygde øvre porten i Herrens hus.
- 36 Det som elles er å fortelja um Jotam og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
- 37 Ved den tid tok Herren til å senda syrerkongen Resin og Pekah Remaljason inn i Juda.
- 38 Jotam lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far sin. Og Ahaz, son hans, vart konge i staden hans.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗