열왕기상 15장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 열왕기상 (1 Kings) · 34절
- 1 I det attande styringsåret åt Jerobeam Nebatsson vart Abiam konge yver Juda.
- 2 Tri år styrde han i Jerusalem; mor hans heitte Ma’aka Abisalomsdotter.
- 3 Og han fylgde far sin i alle dei syndar som han hadde gjort fyre honom, og hjarta hans var ikkje heilt med Herren, hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore.
- 4 Men for David skuld gav Herren, hans Gud, honom ei lampa i Jerusalem, med di han lyfta upp son hans etter honom og let Jerusalem få standa,
- 5 for di David hadde gjort det som rett var i Herrens augo og ikkje vike ifrå noko av det han hadde bode honom, so lenge han livde, so nær som i saki med hetiten Uria.
- 6 Millom Rehabeam og Jerobeam var det ufred so lenge han livde.
- 7 Det som elles er å fortelja um Abiam og um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. Abiam og Jerobeam låg i ufred med kvarandre.
- 8 Og Abiam lagde seg til kvila hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen; og Asa, son hans, vart konge i staden hans.
- 9 I tjugande året åt Jerobeam, kongen i Israel, vart Asa konge i Juda.
- 10 Han styrde eitt og fyrti år i Jerusalem. Hans mor heitte Ma’aka Abisalomsdotter.
- 11 Og Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans.
- 12 Han jaga utukt-sveinarne ut or landet, og fekk burt alle dei skarnsgudarne som far hans hadde laga.
- 13 Og jamvel mor si, Ma’aka, sette han ifrå hennar dronningrang, for di ho hadde late gjera eit styggjelegt bilæte for Asjera; Asa hogg ned det stygge bilætet hennar og brende det i Kidronsdalen.
- 14 Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt; like vel var hjarta åt Asa heilt med Herren, so lenge han livde.
- 15 Heilaggåvorne åt far sin og heilaggåvorne sine eigne flutte han inn i Herrens hus, sylv og gull og ymse ting.
- 16 Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei livde.
- 17 Basea, Israels-kongen, drog upp imot Juda og bygde ei borg i Rama, av di han vilde hindra at nokon drog ut eller inn hjå Asa, kongen i Juda.
- 18 Då tok Asa alt det sylv og gull som var att i skattkammeri i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden og lagde det i handi åt tenarane sine; so sende han dei til Benhadad, son åt Tabrimmon Hezjonsson, syrarkongen, som budde i Damaskus, med dei ordi:
- 19 «Det er eit samband millom meg og deg, sameleis som millom far min og far din. Her sender eg deg ei gåva i sylv og gull. Gjer no vel og brjot sambandet ditt med Basea, Israels-kongen, so han lyt draga burt ifrå meg!»
- 20 Og Benhadad lydde kong Asa og sende herførarane sine imot byarne i Israel og herja Ijon, Dan, Abel-Bet-Ma’aka og heile Kinnerot umfram heile Naftalilandet.
- 21 Då Basea no høyrde det, slutta han med borgbyggjingi i Rama og heldt seg sidan i ro i Tirsa.
- 22 Men kong Asa baud ut heile Juda - ikkje ein var friteken - og dei tok burt steinar og trevyrke som Basea hadde bruka til byggverket i Rama; og med det gjorde no kong Asa Geba i Benjamin og Mispa til borgbyar.
- 23 Det som elles er å fortelja um Asa, um alle storverki hans og alt han gjorde, um byarne som han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. Men på sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føterne.
- 24 Og Asa lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far sin. Og Josafat, son hans, vart konge i staden hans.
- 25 Nadab Jerobeamsson vart konge i Israel i det andre styringsåret åt Juda-kongen Asa og rådde yver Israel i tvo år.
- 26 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo og stemnde fram på vegen til far sin og i den synd som han hadde fenge Israel til å gjera.
- 27 Men Basea Ahiason av Issakars hus fekk til ei samansverjing imot honom, og Basea slo honom i hel ved Gibbeton, som høyrde filistarane til; Nadab med heile Israel heldt då på å kringsette Gibbeton.
- 28 Basea drap honom i det tridje styringsåret åt Juda-kongen Asa, og han vart so konge i staden hans.
- 29 Og då han var konge vorten, slo han i hel heile Jerobeams hus; han let det ikkje vera att ei livande sjæl av Jerobeams hus, men gjorde ende på, etter det ord som Herren hadde tala ved tenaren sin, siloniten Ahia;
- 30 det var for dei synder skuld som Jerobeam hadde gjort, og som han hadde fenge Israel til å gjera, og for di han soleis hadde harma Herren, Israels Gud.
- 31 Det som elles er å fortelja um Nadab og um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
- 32 Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei livde.
- 33 I det tridje styringsåret åt Juda-kongen Asa vart Basea Ahiason konge yver heile Israel i Tirsa, og det var han i fire og tjuge år.
- 34 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og stemnde fram på Jerobeams veg og i den synd som han hadde fenge Israel til å gjera.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗