역대하 18장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대하 (2 Chronicles) · 34절
- 1 Då Josafat hadde vunne seg rikdom og æra, gjekk han i mågskap med Ahab.
- 2 Etter nokre år var lidne, drog han ned til Ahab i Samaria, og Ahab let slagta ei mengd med småfe og storfe for honom og mannskapet han hadde med seg; so lokka han honom til å draga upp mot Ramot i Gilead.
- 3 For Israels-kongen Ahab sagde til Juda-kongen Josafat: «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» Han svara honom: «Eg som du, og mitt folk som ditt folk, me vil vera med deg i striden.»
- 4 Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»
- 5 Då stemde Israels-kongen saman profetarne, fire hundrad mann, og spurde deim: «Skal me draga ut og strida mot Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Gud vil gjeva byen i henderne på kongen.»
- 6 Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja gjenom honom?»
- 7 Israels-kongen sagde til Josafat: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved; men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt alle sine dagar; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!»
- 8 Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»
- 9 Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud kvar på sin kongsstol, dei sat på treskjevollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.
- 10 Og Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tyner deim.»»
- 11 Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot i Gilead, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
- 12 Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavast med deira, og lova lukka du og!»
- 13 Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som min Gud segjer.»
- 14 Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal de få siger, og dei skal verta gjevne i dykkar vald.»
- 15 Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»
- 16 Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt utyver fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»
- 17 Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»
- 18 Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod på den høgre og den vinstre sida hans.
- 19 Og Herren sagde: Kven vil lokka Israels-kongen Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.
- 20 Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»
- 21 Han svara: «Eg vil ganga ut og verta ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad, og gjer so!»
- 22 Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.
- 23 Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare ifrå meg for å tala med deg?»
- 24 Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen då du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»
- 25 Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,
- 26 og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost, til kongen kjem heim att med heilo!»»
- 27 Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg.» Og so sagde han: «Høyr, de folk, alle saman!»
- 28 So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.
- 29 Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden, men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut, og so gjekk dei inn i striden.
- 30 Men Syria-kongen hadde gjeve det bodet til hovdingarne for stridsvognerne sine at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre på Israels-kongen.
- 31 Då no hovdingarne fekk stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei kringsette honom og vilde strida. Men Josafat sette i eit høgt rop, og Herren frelste honom; for Gud vende dei burt ifrå honom.
- 32 Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.
- 33 Men ein mann som spente bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren! for eg er såra.»
- 34 Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni si imot syrarane like til um kvelden; og ved soleglad døydde han.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗