역대하 12장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대하 (2 Chronicles) · 16절
- 1 Men då Rehabeam hadde grunnfest kongedømet sitt og kjende seg sterk, då vende han seg frå Herrens lov, og heile Israel med honom.
- 2 Då drog egyptarkongen Sisak upp mot Jerusalem i femte styringsåret åt Rehabeam, for di dei hadde vore utrue mot Herren;
- 3 han kom med tolv hundrad krigsvogner, seksti tusund hestfolk, og ingen kunde rekna det folket som drog med honom frå Egyptarland, Libya-menner, sukkitar og ætiopar.
- 4 Og då han hadde teke dei faste borgarne i Juda, drog han mot Jerusalem.
- 5 Då kom profeten Semaja til Rehabeam og hovdingarne i Juda, som hadde søkt til Jerusalem for Sisak, og han sagde til deim: «So segjer Herren: «De hev vendt dykk ifrå meg, difor hev eg vendt meg ifrå dykk og gjeve dykk i handi på Sisak.»»
- 6 Men hovdingarne i Israel og kongen audmykte seg og sagde: «Herren er rettferdig.»
- 7 Og då Herren såg at dei hadde audmykt seg, kom Herrens ord til Semaja soleis: «For di dei hev audmykt seg, vil eg ikkje tyna deim, men gjeva deim ei snaud frelsa, so at vreiden min ikkje strøymer ut yver Jerusalem ved Sisak.
- 8 Men dei skal verta hans tenarar og læra å kjenna skilnaden på det å tena meg og tena kongeriki i heidningelandi.»
- 9 Då drog Sisak upp imot Jerusalem og tok skattarne i Herrens hus og skattarne i huset åt kongen; alt tok han, og han tok og dei gullskjoldarne som Salomo hadde lata gjere.
- 10 I staden for deim let då kong Rehabeam gjera koparskjoldar og gav deim i varveitsla til hovdingarne for livvakti, som heldt vakt ved inngangen til huset åt kongen.
- 11 Og kvar gong kongen gjekk til Herrens hus, bar vaktmennerne deim, og tok deim so attende til vaktstova.
- 12 Men då han hadde audmykt seg, snudde Herrens vreide seg ifrå honom, so han vart ikkje reint tynt; det fanst då noko godt og i Juda.
- 13 Soleis vart kong Rehabeam grunnfest i Jerusalem, og han heldt fram med styringi; for Rehabeam var ein og fyrti år gamall då han vart konge, og han styrde i syttan år i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt seg ut av alle ætterne i Israel til å setja namnet sitt der. Mor hans var ei ammonitkvinna som heitte Na’ama.
- 14 Han gjorde det som vondt var; for han lagde ikkje hugen sin på å søkja Herren.
- 15 Det som er å fortelja um Rehabeam frå fyrste til sist, det er uppskrive i krønikorne åt profeten Semaja og sjåaren Iddo, der som ættartali er upprekna. Millom Rehabeam og Jeroboam var det ufred stødt.
- 16 Og Rehabeam lagde seg til kvile hjå federne sine, og Abia, son hans, vart konge i staden hans.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗