역대하 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대하 (2 Chronicles) · 19절
- 1 Rehabeam for til Sikem, for heile Israel var kome til Sikem og vilde taka honom til konge.
- 2 Men då Jeroboam Nebatsson frette det - han var i Egyptarland og hadde rømt dit for kong Salomo - då snudde han heim att frå Egyptarland.
- 3 Då sende dei bod og kalla honom; og Jeroboam og heile Israel kom. Og dei sagde til Rehabeam:
- 4 «Far lagde på oss eit hardt ok; men vil no du letta på det harde strævet og det tunge oket som far din lagde på oss, so skal me tena deg.»
- 5 Han svara deim: «Gakk burt og bia tri dagar, og kom so til meg att!» Og folket gjekk.
- 6 Då rådførte kong Rehabeam seg med dei gamle, som hadde vore i tenesta hjå Salomo, far hans, medan han livde, og spurde deim: «Kva svar råder de til å gjeva dette folket?»
- 7 Dei svara honom: «Vil du vera venleg mot dette folket i dag og syna deg nådig imot deim og gjeva deim eit venlegt svar, då vil dei vera dine tenarar for alle tider.»
- 8 Men han brydde seg ikkje um den rådi som dei gamle gav honom, men rådførde seg med dei unge som var uppvaksne i lag med honom og stod i hans tenesta.
- 9 Han sagde til deim: «Kva råder de meg til å svara dette folket, som hev tala til meg og sagt: «Lat det oket som far din hev lagt på oss verta lettare?»»
- 10 Dei unge kararne som var uppvaksne i lag med honom, svara honom då og sagde: «So skal du segja til dette folket som hev tala til deg og sagt: «Far lagde eit tung ok på oss, men gjer no du det lettare for oss!» - so skal du segja til deim: «Litlefingeren min er tjukkare enn mjødmarne åt far min.
- 11 Hev difor far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar!»»
- 12 So kom Jeroboam med heile folket til Rehabeam tridje dagen, so som kongen hadde sagt: «Kom til meg att tridje dagen!»
- 13 Då gav kongen folket eit hardt svar, for han brydde seg ikkje um den rådi dei gamle hadde gjeve honom;
- 14 etter rådi åt dei unge kararne sagde han til deim: «Hev far min lagt eit tungt åk på dykk, so skal eg gjera det endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar!»
- 15 Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Gud laga det soleis, so Herrens ord skulde sannast som han hadde tala til Jeroboam Nebatsson ved siloniten Ahia.
- 16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket kongen dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim att, Israel, kvar til si hytta! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So gjekk heile Israel kvar til sitt.
- 17 Berre yver dei Israels-borni som budde i byarne i Juda, vart Rehabeam konge.
- 18 Og då kong Rehabeam sende i veg Hadoram, som hadde øvste tilsynet med pliktarbeidet til deim, då steina Israels-sønerne honom i hel. Då skunda kong Rehabeam seg upp i vogni si og rømde til Jerusalem.
- 19 So reiv då Israel seg laus frå Davids hus, og soleis hev det vore til den dag i dag.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗