역대상 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대상 (1 Chronicles) · 44절
- 1 Og heile Israel vart innførte i ættarlista, og no er dei uppskrivne i boki åt Israels-kongarne. Og Juda vart førd i utlægd til Babel for sin utruskap skuld.
- 2 Men det fyrre landsfolket som budde på eigedomen sin, i byarne sine; var vanlege israelitar, prestar, levitar og tempelsveinar.
- 3 I Jerusalem budde nokre av Juda-sønerne, av Benjamins-sønerne og av Efraims- og Manasse-sønerne; det var:
- 4 Utai, son åt Ammihud, son åt Omri, son åt Imri, son åt Bani, av borni åt Peres Judason;
- 5 av silonitarne: Asaja, den eldste, og sønerne hans;
- 6 og av Zerahs-sønerne: Je’uel og brørne deira, seks hundrad og nitti;
- 7 av Benjamins-sønerne: Sallu, son åt Mesullam, son åt Hodavja, son åt Hassenua,
- 8 og Jibneja, son åt Jeroham, og Ela, son åt Uzzi, son åt Mikri, og Mesullam, son åt Sefatja, son åt Re’uel, son åt Jibnija,
- 9 og brørne deira etter ætterne sine, ni hundrad og seks og femti. Alle desse mennerne var hovdingar for ættgreiner, kvar for si ættgrein.
- 10 Og av prestarne: Jedaja og Jojarib og Jakin
- 11 og Azarja, son åt Hilkia, son åt Mesullam, son åt Sadok, son åt Merajot, son åt Ahitub, hovdingen i Guds hus,
- 12 og Adaja, son åt Jeroham, son åt Pashur, son åt Malkia, og Masai, son åt Adiel, son åt Jahzera, son åt Mesullam, son åt Mesillemit, son åt Immer,
- 13 og brørne deira, hovdingar for ættgreinerne sine, eitt tusund og sju hundrad og seksti, dugande menner til å gjera tenesta i Guds hus.
- 14 Og av levitarne: Semaja, son åt Hassub, son åt Azrikam, son åt Hassabja, av Merari-sønerne,
- 15 og Bakbakkar, Heres og Galal og Mattanja, son åt Mika, son åt Zikri, son åt Asaf,
- 16 og Obadja, son åt Semaja, son åt Galal, son åt Jedutun, og Berekja, son åt Asa, son åt Elkana, som budde i netofatit-bygderne.
- 17 Og dørvaktarane: Sallum og Akkub og Talmon og Ahiman og brørne deira; Sallum var hovdingen.
- 18 Og endå vaktar dei kongeporten, på austsida. Desse var dørvaktarar i levitlægri.
- 19 Men Sallum, son åt Kore, son åt Ebjasaf, son åt Korah, og brørne hans som var av ættgreini hans, korahitarne, hadde den tenesta å halda vakt ved dørstokken til tjeldet; for federne deira hadde vakta inngangen til Herrens læger.
- 20 Og Pinhas, son åt Eleazar, var i gamle dagar forstandaren deira; Herren var med honom!
- 21 Zakarja, son åt Meselemja, var dørvaktar ved møtetjelddøri.
- 22 Alle desse var utvalde til dørvaktarar, tvo hundrad og tolv mann. Dei var uppskrivne i ættarlista i bygderne sine. David og sjåaren Samuel hadde sett deim til å tena på tru og æra.
- 23 Dei og sønerne deira stod difor ved dørerne åt Herrens hus, tjeldhuset, og heldt vakt.
- 24 Etter dei fire himmelætterne stod dørvaktarane, mot aust, mot vest, mot nord og mot sud.
- 25 Og brørne deira, som budde i bygderne sine, skulde møta fram hjå deim sjuande kvar dag, og alltid på same timen.
- 26 For desse fire var på tru og æra sette formenner for dørvaktarane. Dette var no levitarne. Dei hadde og tilsyn med kovarne og buderne i Guds hus.
- 27 Og dei heldt til rundt ikring Guds hus um natti; for det låg på deim å halda vakt, og dei skulde lata upp dørerne kvar morgon.
- 28 Sume av deim såg til med arbeidsgognerne. Dei tok då tal på deim, både når dei bar deim inn, og når dei bar deim ut.
- 29 Og sume av deim var sette til å hava tilsyn med dei andre gognerne, alle dei andre gognerne i heilagdomen, og med det fine mjølet og vinen og oljen og røykjelsen og kryddorne.
- 30 Men nokre av prestesønerne laga kryddesalven.
- 31 Og Mattitja, ein av levitarne, eldste son åt korahiten Sallum, hadde på tru og æra tilsynet med brødbakstren.
- 32 Og nokre av kahatitarne, brørne deira, såg til med skodebrødi og skulde laga deim til for kvar kviledag.
- 33 Dette var songarane, hovdingar for levitættar; dei slapp å gjera anna arbeid, og heldt til i kovarne; for dei laut halda på med sine eigne gjeremål natt og dag.
- 34 Dette var hovdingar for ættgreinerne av levitarne, hovdingar etter si ætt; dei budde i Jerusalem.
- 35 I Gibeon budde Je’uel, far hans Gibeon, og kona hans heitte Ma’aka.
- 36 Og den fyrste son hans var Abdon; og so Sur, Kis, Ba’al, Ner og Nadab,
- 37 Gedor og Ahjo, Zakarja og Miklot.
- 38 Men Miklot fekk sonen Simeam. Dei og budde i lag med brørne sine i Jerusalem, midt fyre brørne sine.
- 39 Og Ner fekk sonen Kis, og Kis fekk sonen Saul, og Saul fekk sønerne Jonatan og Malkisua, Abinadab og Esba’al.
- 40 Son åt Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika.
- 41 Sønerne hans Mika var Piton og Melek og Tahrea.
- 42 Ahaz fekk sonen Jara, og Jara fekk sønerne Alemet, Azmavet og Zimri, og Zimri fekk sonen Mosa.
- 43 Mosa fekk sonen Bina. Hans son var Refaja; hans son var Elasa; hans son var Asel.
- 44 Og Asel hadde seks søner, og namni deira var: Azrikam, Bokeru, Ismael, Searja, Obadja og Hanan. Dette var sønerne åt Asel.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗