역대상 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대상 (1 Chronicles) · 26절
- 1 Og sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel - for han var den eldste; men med di han vanhelga lega åt far sin, vart odelsretten hans gjeven til sønerne hans Josef, son åt Israel, men då ikkje soleis at han skulde skrivast upp i ættelista som den eldste.
- 2 For Juda var nok den megtigaste millom brørne sine, og ein av etterkomarane hans vart fyrste; men odelsretten høyrde Josef til -
- 3 sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel, var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi.
- 4 Sønerne åt Joel var Semaja, son hans; hans son var Gog; hans son var Sime’i,
- 5 hans son var Mika, hans son Reaja, hans son Ba’al,
- 6 hans son Be’era, som Tilgat-Pilneser, kongen i Assyria, førde burt til fange; han var hovding for rubenitarne.
- 7 Og då brørne hans med sine ætter vart uppskrivne i ættarlista etter sine ættgreiner, var det desse: Je’iel, hovdingen, og Zakarja,
- 8 og Bela, son åt Azaz, son åt Sema, son åt Jo’el; han budde i Aroer, og bustaderne hans nådde radt til Nebo og Ba’al-Meon.
- 9 Og austetter nådde bustaderne hans alt fram åt øydemarki som rekk frå Eufratelvi; for dei hadde store flokkar med fe i Gileadlandet.
- 10 Men i Sauls dagar låg dei i strid med hagarenarne, som då fall for handi deira; so sette dei seg til i tjeldbuderne deira etter heile austsida åt Gilead.
- 11 Og Gads-sønerne budde midt imot deim i Basanlandet alt til Salka:
- 12 Joel, hovdingen, og di næst Safan, og so Janai og Safat i Basan.
- 13 Og brørne deira, etter sine ættgreiner, var Mikael og Mesullam og Seba og Jorai, Jakan, Zia og Eber, sju i talet.
- 14 Desse var søner åt Abiha’il, son åt Huri, son åt Jaroah, son åt Gilead, son åt Mikael, son åt Jesisai, son åt Jahdo, son åt Buz.
- 15 Ahi, son åt Abdiel, son åt Guni, var ættarhovdingen deira.
- 16 Og dei budde i Gilead i Basan og i dei bygderne som låg ikring, og på alle utmarkerne i Saron, so langt som dei rakk.
- 17 Alle desse vart uppskrivne i ættarlista i den tidi då Jotam var konge i Juda, og då Jeroboam var konge i Israel.
- 18 Rubens-sønerne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti, dei som var stridsføre og bar skjold og sverd og spente boge og var stridskunnige, var fire og fyrti tusund sju hundrad og seksti våpnføre menner.
- 19 Og dei hadde ufred med hagarenarne og Jetur og Nafis og Nodab.
- 20 Og dei fekk siger i striden, so hagarenarne og alle som var med deim, kom i deira hender; for dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøni deira, av di dei leit på honom.
- 21 Og dei førde burt til herfang feet deira, femti tusund kamelar og tvo hundrad og femti tusund sauer og tvo tusund asen, og hundrad tusund mann.
- 22 For det hadde vore eit stort mannefall, etter di striden var ifrå Gud. Og dei budde i landet deira alt til burtføringi.
- 23 Sønerne åt helvti av Manasse-ætti budde og der i landet frå Basan alt til Ba’al-Hermon og Senir og Hermonfjellet, og dei var mangmente.
- 24 Og desse var ættarhovdingarne deira: Efer og Jisi, Eliel og Azriel, Jirmeja og Hodavja og Jahdiel, stridsføre hermenner, namngjetne menner, hovdingar for ættgreinene sine.
- 25 Men dei var utrue mot fedreguden og heldt seg med gudarne åt det folket der i landet som Gud hadde tynt for augo deira.
- 26 Då øste Israels Gud upp hugen hjå assyrarkongen Pul og assyrarkongen Tilgat-Pilneser, og han førde deim burt, rubenitarne og gaditarne og eine helvti av Manasse-ætti, og flutte deim til Halah og Habor og Hara og Gozanelvi, og der dei er den dag i dag.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗