역대상 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대상 (1 Chronicles) · 55절
- 1 Dette var sønerne åt Israel: Ruben, Simeon, Levi og Juda, Issakar og Sebulon,
- 2 Dan, Josef og Benjamin, Naftali, Gad og Asser.
- 3 Sønerne åt Juda var Er og Onan og Sela; desse tri fekk han med dotter åt Sua, kananitarkvinna; men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og han laga det so at han døydde.
- 4 Med Tamar, sonekona si, fekk Juda sønerne Peres og Zerah, so sønerne åt Juda var fem i alt.
- 5 Sønerne åt Peres var Hesron og Hamul.
- 6 Og sønerne åt Zerah var Zimri og Etan og Heman og Kalkol og Dara; fem i alt.
- 7 Og son åt Karmi var Akar, som førde Israel i ulukka, med di han ikkje for ærleg åt med det som var vigt til Herren.
- 8 Og son hans Etan var Azarja.
- 9 Og sønerne som Hesron fekk, var Jerahme’el, Ram og Kelubai.
- 10 Og Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahson, hovdingen for Juda-sønerne.
- 11 Og Nahson fekk sonen Salma, og Salma fekk sonen Boaz.
- 12 Og Boaz fekk sonen Obed, og Obed fekk sonen Isai.
- 13 Isai fekk sonen Eliab, det var fyrste sonen hans, og Abinadab var den andre, og Simea den tridje,
- 14 Netanel den fjorde, Raddai den femte,
- 15 Osem den sette, David den sjuande.
- 16 Og systerne deira var Seruja og Abiga’il. Og sønerne åt Seruja var Absai og Joab og Asael, tri i talet.
- 17 Og Abiga’il åtte Amasa, og far åt Amasa var Jeter, ismaeliten.
- 18 Og Kaleb, son åt Hesron, fekk born med Azuba, kona si, og med Jeriot; sønerne hennar var Jeser og Sobab og Ardon.
- 19 Då Asuba døydde, tok Kaleb seg Efrat til kona, og med henne fekk han sonen Hur.
- 20 Og Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel.
- 21 Sidan gjekk Hesron inn til dotter åt Makir, som var far åt Gilead; henne tok han til kona då han var seksti år gamall, og han fekk sonen Segub med henne.
- 22 Og Segub fekk sonen Ja’ir; han åtte tri og tjuge byar i Gileadlandet.
- 23 Men gerusitarne og aramæarane tok frå deim byarne hans Ja’ir, og dessutan Kenat med seksti byar som låg ikring. Alle desse var søner åt Makir, far åt Gilead.
- 24 Og Hesron fekk sonen Ashur, far åt Tekoa, med Abia, kona si; ho åtte honom etter Hesron var dåen i Kaleb-Efrata.
- 25 Og sønerne åt Jerahme’el, eldste son hans Hesron, det var Ram, den eldste, og Buna og Oren og Osem med Ahia.
- 26 Men Jerahme’el hadde ei onnor kona og, som heitte Atara; ho var mor åt Onam.
- 27 Sønerne åt Ram, fyrste sonen hans Jerahme’el, det var Ma’as og Jamin og Eker.
- 28 Og sønerne åt Onam var Sammai og Jada. Og sønerne åt Sammai var Nadab og Abisur.
- 29 Og kona hans Abisur heitte Abiha’il; med henne fekk han sønerne Ahban og Molid.
- 30 Sønerne åt Nadab var Seled og Appajim. Seled døydde barnlaus.
- 31 Men sønerne åt Appajim var Jisi; sønerne åt Jisi var Sesan, og sønerne åt Sesan var Ahlai.
- 32 Og sønerne åt Jadas, bror hans Sammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus.
- 33 Men sønerne hans Jonatan var Pelet og ZaZa. Dette var sønerne åt Jerahme’el.
- 34 Men Sesan hadde ingi søner, anna berre døtter. No hadde Sesan ein egyptisk dreng, som heitte Jarha.
- 35 Og Sesan gav Jarha, drengen sin, dotter si til kona, og med henne fekk han sonen Attai.
- 36 Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk sonen Zabad,
- 37 og Zabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk sonen Obed,
- 38 og Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk sonen Azarja,
- 39 og Azarja fekk sonen Hales, og Hales fekk sonen Elasa,
- 40 og Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk sonen Sallum,
- 41 og Sallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk sonen Elisama.
- 42 Og sønerne åt Kaleb, bror hans Jerahme’el, var Mesa, som var eldst - han var far åt Zif - og sønerne åt Maresa, far hans Hebron.
- 43 Og sønerne åt Hebron var Korah og Tappuah og Rekem og Sema.
- 44 Sema fekk sonen Raham, far åt Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sammai.
- 45 Son hans Sammai var Maon, og Maon var far åt Betsur.
- 46 Og Efa, fylgjekona hans Kaleb, åtte sønerne Haran og Mosa og Gazez, og Haran fekk sonen Gazez.
- 47 Og sønerne åt Jehdai var Regem og Jotam og Gesan og Pelet og Efa og Sa’af.
- 48 Ma’aka, fylgjekona hans Kaleb, åtte sønerne Seber og Tirhana.
- 49 Ho åtte og Sa’af, far åt Madmanna, og Seva, far åt Makbena og Gibea. Og dotter hans Kaleb var Aksa.
- 50 Dette var sønerne hans Kaleb: son åt Hur, som var eldste son åt Efrata, det var Sobal, far åt Kirjat-Jearim,
- 51 Salma, far åt Betlehem, og Haref, far åt Bet-Gader.
- 52 Sønerne hans Sobal, far åt Kirjat-Jearim, var Haroe og helvti av Hammenuhot-ætti.
- 53 Men ættgreinerne frå Kirjat-Jearim var jitritarne, putitarne, sumatitarne og misra’itarne; frå deim hev soratitarne og estaolitarne kome.
- 54 Sønerne åt Salma var Betlehem og netofatitarne, Atrot-Bet-Joab og helvti av manahtitarne, soritarne.
- 55 Og ætterne av dei skriftlærde som budde i Jabes, var tiratitar, simatitar og sukatitar. Dette var dei kinitarne som var ætta frå Hammat, far for åt Rekab-huset.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗