역대상 16장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대상 (1 Chronicles) · 43절
- 1 Då dei hadde ført Guds kista inn, sette dei henne i tjeldet som David hadde sett upp åt henne; deretter bar dei fram brennoffer og takkoffer for Guds åsyn.
- 2 Og då David hadde ofra brennofferet og takkofferet, velsigna han folket i Herrens namn.
- 3 Og til kvar og ein av alle israelitarne, både kar og kvinna, skifte han ut ein brødleiv, eit stykke kjøt og ei rosinkaka.
- 4 Og han sette sume levitar til å gjera tenesta framfor Herrens kista, at dei skulde prisa, takka og lova Herren, Israels Gud.
- 5 Asaf var den fremste, og Zakarja næst etter honom, og so Je’iel, Semiramot, Jehiel og Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel med harpor og cithrar, og Asaf skulde slå på cymblar.
- 6 Men prestarne Benaja og Jahaziel skulde standa stendigt med trompetarne sine framfor Guds sambandskista.
- 7 Den dagen var det at David fyrst fastsette den skipnaden at dei ved Asaf og brørne hans skulde prisa Herren på denne visi:
- 8 «Prisa Herren, kalla på hans namn! Forkynn millom folkeslagi hans storverk!
- 9 Syng for honom, syng honom lov! Tala um alle hans under!
- 10 Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren!
- 11 Spør etter Herren og hans magt, søk hans åsyn alltid!
- 12 Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn,
- 13 de etterkomarar av Israel, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde.
- 14 Han er Herren, vår Gud; yver all jordi gjeng hans domar.
- 15 Kom æveleg i hug hans pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,
- 16 den pakt han gjorde med Abraham, og hans eid til Isak!
- 17 Han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel til ein æveleg pakt,
- 18 med di han sagde: «Deg vil eg gjeva Kana’ans land til arvlut,»
- 19 då de var ein liten flokk, få og framande der.
- 20 Og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk.
- 21 Han let ikkje nokon få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld:
- 22 «Rør ikkje deim eg hev salva, og gjer ikkje vondt med mine profetar!»
- 23 Syng for Herren, all jordi! Forkynn frå dag til dag hans frelsa!
- 24 Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!
- 25 For Herren er stor og mykje lovsungen, og skræmeleg er han framfor alle gudar.
- 26 For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.
- 27 Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og gleda er på hans stad.
- 28 Gjev Herren, de folkeætter, gjev Herren æra og magt!
- 29 Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom for hans åsyn, tilbed Herren i heilagt skrud!
- 30 Skjelv for hans åsyn, all jordi! Jordriket stend fast; det let seg ikkje rikka.
- 31 Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, og dei skal segja millom heidningarne: «Herren er konge.»
- 32 Havet dure og alt som i det er! Marki frygde seg og alt det som på marki er!
- 33 Då fegnast trei i skogen for Herrens åsyn; for han kjem og skal døma jordi.
- 34 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
- 35 Og seg: «Frels oss, du vår Frelse-Gud, og samla oss og fria oss ut frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov!»
- 36 Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva!» Og alt folket sagde amen og lova Herren.
- 37 Og der, framfor Herrens sambandskista, gav han Asaf og brørne hans det yrket, at dei stendigt skulde gjera tenesta framfor kista, soleis som det var fastsett for kvar dag.
- 38 Men Obed-Edom og brørne deira var åtte og seksti i tal, og Obed-Edom Jeditunsson og Hosa sette han til dørvaktarar.
- 39 Og pesten Sadok og brørne hans, prestarne, sette han framfor Herrens hus på offerhaugen i Gibeon,
- 40 at dei stendigt skulde ofra åt Herren brennoffer på brennofferaltaret, morgon og kveld, og gjera alt det som var fyresagt i Herrens lov, som han hadde sett for Israel.
- 41 Og i lag med deim var Heman og Jedutun og dei andre utvalde som var nemnde, at dei skulde lova Herren, av di hans miskunn varer æveleg.
- 42 Og trompetarne og cymblarne åt spelemennerne vart gøymde hjå Heman og Jedutun, og like eins andre spelgogner som høyrde gudstenesta til. Og Jedutuns-sønerne gjorde han til dørvaktarar.
- 43 Deretter gjekk heile lyden heim, kvar til sitt; men David snudde heim att, vilde helsa på husfolket sitt.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗