역대상 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대상 (1 Chronicles) · 14절
- 1 Og David samrådde seg med dei øvste herførarane og underførarane, med alle hovdingarne.
- 2 Og David sagde til heile Israels-lyden: «I fall de so finn fyre, og um dette er ifrå Herren, vår Gud, so lat oss senda bod til alle kantar åt dei andre brørne våre i alle Israels bygder, og dessutan åt prestarne og levitarne i dei byarne som dei hev bumark ikring, at dei skal koma saman hjå oss.
- 3 Og lat oss flytja kista åt vår Gud hit til oss! For i Sauls dagar spurde me ikkje etter henne.»
- 4 Og heile lyden svara at dei skulde gjera det; for alt folket lika denne rådi.
- 5 So samla då David heile Israel ifrå kvisli frammed Egyptarlandet og alt dit der vegen gjeng til Hamat, at dei skulde føra Guds kista frå Kirjat-Jearim.
- 6 Og David for med heile Israel upp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som høyrer til Juda, med den etlingi å føra upp kista åt Gud Herren, han som tronar yver kerubarne, og som ho hev fenge namnet sitt etter.
- 7 Og dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne burt frå huset hans Abinadab, og Uzza og Ahjo køyrde vogni.
- 8 Og David og heile Israel leika for Gud av all si magt med song og med cithrar, harpor, trummor, cymblar og trompetar.
- 9 Men då dei kom til treskjestaden hans Kidon, rette Uzza ut handi og vilde fata i kista; for uksarne snåva.
- 10 Då vart Herren brennande harm på Uzza, og han slo honom for di han hadde rett ut handi si åt kista, so han døydde der for Guds åsyn.
- 11 Men David vart ille ved, av di Herren soleis hadde slege ned Uzza, og han kalla den staden Peres-Uzza, som det heiter den dag i dag.
- 12 Og David fekk ei slik rædsla for Gud den dagen, at han sagde: «Kor kann eg våga føra Guds kista til meg?»
- 13 Difor flutte ikkje David kista til seg i Davidsbyen, men sette henne inn i huset åt gatiten Obed-Edom.
- 14 Guds kista vart då verande ved huset hans Obed-Edom, der ho stod i sitt eige hus i tri månader; men Herren velsigna Obed-Edoms hus og alt det som høyrde honom til.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗